Jeremia 35
N11NN

Jeremia 35

35
Rekabittane som føredøme
1 # 25,1 Dette ordet kom til Jeremia frå Herren i dei dagane då Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda: 2#2 Kong 10,15f; 1 Krøn 2,55#35,2 rekabittane ei gruppe som praktiserte fråhald frå alkohol. Etterkomarar av Jonadab, son til Rekab. Jf. 2 Kong 10,15ff. romma opne rom utanfor tempelmuren, nytta til offermåltid og andre samkomer. Gå til huset til rekabittane og tal til dei! Ta dei med deg til eit av romma i Herrens hus og gjev dei vin å drikka!
3Då tok eg med meg Jaasanja, son til Jeremia, Habasinjas son, brørne hans og alle sønene hans og heile huset til rekabittane. 4Eg tok dei med inn i Herrens hus, i rommet til sønene av gudsmannen Hanan, son til Jigdalja. Det låg attmed rommet til leiarane, ovanfor rommet til dørvaktaren Maaseja, son til Sjallum.
5Så sette eg fram mugger fulle av vin og drikkebeger for rekabittane. Eg bad dei drikka av vinen. 6Men dei svara: Vi drikk ikkje vin. For far vår, Jonadab, son til Rekab, har forbode oss det og sagt: «De skal aldri drikka vin, korkje de eller borna dykkar. 7De skal ikkje byggja hus eller så korn og ikkje planta eller eiga vinmarker. I telt skal de bu alle dykkar dagar, så de kan leva lenge i det landet der de er innflyttarar.» 8Sidan har vi vore lydige mot alt det far vår Jonadab, son til Rekab, baud oss: I heile vårt liv har vi ikkje drukke vin, korkje vi eller konene våre eller sønene eller døtrene våre. 9Vi har ikkje bygd hus til å bu i, og vi har korkje vinmarker, jorder eller såkorn, 10men vi bur i telt. Vi har vore lydige og har gjort alt det far vår, Jonadab, baud oss. 11#2 Kong 24,1ff Men då kong Nebukadnesar av Babel rykte inn i landet, sa vi: «Kom, lat oss dra til Jerusalem, bort frå hærane til kaldearane og aramearane.» Så no bur vi i Jerusalem.
12Då kom Herrens ord til Jeremia: 13Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Gå og sei til mennene i Juda og innbyggjarane i Jerusalem: Vil de ikkje ta imot lærdom og høyra på mine ord? seier Herren. 14#25,3f Boda som Jonadab, son til Rekab, påla sønene sine, har dei halde. Dei skulle ikkje drikka vin. Til denne dag har dei ikkje drukke vin, for dei lydde påbodet frå far sin. Men eg har tala til dykk både seint og tidleg, og de høyrde ikkje på meg. 15#25,4ff Eg sende alle tenarane mine, profetane, til dykk seint og tidleg og sa: «Vend om, kvar og ein frå sin vonde veg! Gjer gjerningane dykkar gode! De skal ikkje følgja andre gudar og ikkje tena dei! Så skal de få bu i det landet eg gav dykk og fedrane dykkar.» Men de vende ikkje øyret til og ville ikkje høyra på meg.
16Sønene til Jonadab, son til Rekab, har halde det ordet som far deira gav dei, men dette folket ville ikkje høyra på meg. 17#Jes 65,12; 66,4; Jer 7,13ff+ Difor seier Herren, allhærs Gud, Israels Gud: Sjå, eg vil føra over Juda og alle som bur i Jerusalem, alt dette vonde som eg har truga dei med. For dei høyrde ikkje då eg tala til dei, og svara ikkje då eg ropa på dei.
18Men til huset åt rekabittane sa Jeremia: Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: De lydde ordet frå Jonadab, far dykkar. De heldt alle orda hans og gjorde alt det han baud dykk, 19og difor, seier Herren over hærskarane, Israels Gud, skal Jonadab, son til Rekab, aldri mangla menn som står for mitt andlet.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk