Jeremia 28
N11NN

Jeremia 28

28
Jeremia og Hananja
1Det var i det same året, i byrjinga av regjeringstida til Juda-kongen Sidkia, i den femte månaden i det fjerde året. I Herrens hus, framfor auga på prestane og alt folket, sa Hananja, profeten frå Gibeon som var son til Assur, til meg: 2«Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Eg bryt åket til kongen av Babel. 3#27,16 Før to år er gått, fører eg tilbake til denne staden alt utstyr frå Herrens hus som Babel-kongen Nebukadnesar tok med seg herifrå og til Babel. 4#2 Kong 24,12ff Og Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, og dei frå Juda som kom i eksil til Babel, skal eg føra tilbake til denne staden, seier Herren, for eg bryt åket til kongen av Babel.»
5Då svara profeten Jeremia profeten Hananja framfor auga på prestane og alt folket som stod i Herrens hus. 6Profeten Jeremia sa: «Amen! Måtte Herren gjera slik! Måtte Herren oppfylla orda du profeterer og føra utstyret frå Herrens hus og alle som er i eksil, tilbake frå Babel til denne staden. 7Høyr berre dette ordet som eg seier medan du og heile folket høyrer på: 8Dei profetane som var i gamle dagar, før deg og meg, profeterte krig og ulukke og pest for mektige land og store rike. 9#5 Mos 18,22 Når ein profet profeterer fred, må ordet til profeten gå i oppfylling for at ein skal vita at han verkeleg er ein profet send av Herren
10 # 27,2 Då tok profeten Hananja åket av nakken på profeten Jeremia og braut det sund. 11Og framfor auga på alt folket sa Hananja: «Så seier Herren: Slik vil eg, før to år er gått, bryta åket til kong Nebukadnesar av Babel, det som ligg over nakken på alle folkeslag.» Då gjekk profeten Jeremia sin veg.
12Men etter at profeten Hananja hadde teke åket av nakken på profeten Jeremia og brote det sund, kom Herrens ord til Jeremia: 13#5 Mos 28,48 «Gå og sei til Hananja: Så seier Herren: Du har brote sund eit åk av tre. Men du skal laga åk av jern i staden. 14#27,6; Dan 2,37ff For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Eit åk av jern legg eg over nakken på alle desse folkeslaga, for at dei skal tena kong Nebukadnesar av Babel og vera slavar under han. Sjølv dei ville dyra gjev eg over til han.»
15 # 14,14+ Då sa profeten Jeremia til profeten Hananja: «Høyr, Hananja! Herren har ikkje sendt deg, men du har fått dette folket til å lita på løgn. 16#5 Mos 13,6; Jer 29,31f Difor seier Herren: Sjå, no sender eg deg bort frå jorda! I år skal du døy, for du forkynte fråfall frå Herren17Profeten Hananja døydde same året, i den sjuande månaden.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk