Jeremia 24
N11NN

Jeremia 24

24
Dei to korgene med fiken
1 # 2 Kong 24,14ff # 24,1 Jekonja Jojakin. >22,24. Herren synte meg: Sjå, to korger med fiken var stilte opp framfor Herrens tempel. Det var etter at kong Nebukadnesar av Babel hadde drive Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, i eksil frå Jerusalem saman med stormennene i Juda, handverkarane og smedane, og ført dei til Babel. 2#29,17 I den eine korga var det fikenar av beste slag, like gode som forsommarfikenar. I den andre korga var det fikenar av dårlegaste slag, så dårlege at dei ikkje kunne etast.
3 # 1,11 Herren sa til meg: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Fikenar. Dei gode fikenane er av beste slag, og dei dårlege er av dårlegaste slag, så dårlege at dei ikkje kan etast.»
4Då kom Herrens ord til meg: 5#29,11#24,5 kaldearlandet Babel. >21,4. Så seier Herren, Israels Gud: Slik du ser på desse gode fikenane, ser eg med godvilje på judearane i eksil, dei som eg sende frå denne staden til kaldearlandet. 6#1,10; 31,28; Am 9,15 Når eg vender auga mot dei til det gode, fører eg dei tilbake til dette landet. Eg skal byggja dei opp og ikkje knusa, planta dei og ikkje rykkja opp. 7#31,33ff; 32,38ff; Esek 11,19ff; 36,26ff; Sak 8,8; Hebr 8,10 Eg gjev dei eit hjarte til å kjenna meg, for eg er Herren. Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud når dei vender om til meg av heile sitt hjarte.
8 # 2 Kong 25,5f; Jer 29,16ff Men slik ein gjer med dårlege fikenar, så dårlege at dei ikkje kan etast, seier Herren, slik vil eg gjera med Juda-kongen Sidkia og stormennene hans og resten av Jerusalem, både dei som er att her i landet, og dei som no bur i Egypt. 9#42,18; 44,12; Esek 5,15 Eg gjer dei til ei redsle og ei ulukke for alle rike på jord, til ei vanære og eit ordtak, til eit spottord og ei forbanning på alle dei stader eg driv dei bort til. 10#14,12; 34,17; 42,17; Esek 6,12; 14,21 Eg sender sverd og svolt og pest mot dei til dei blir utrydda frå den jorda eg gav dei og fedrane deira.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk