Jeremia 22

22
Domsord til kongehuset
1Dette sa Herren: Gå ned til Juda-kongens hus. Der skal du tala dette ordet. Du skal seia: 2#17,20 Høyr Herrens ord, du Juda-konge som sit på Davids trone, både du og tenarane dine og folket ditt, alle de som går inn gjennom desse portane.
3 # 2 Mos 22,21ff+; Jer 21,12 Så seier Herren: Gjer det som er rett og rettferdig! Berg den som er rana, frå undertrykkjarens hand! Ver ikkje harde og bruk ikkje vald mot innflyttarar, farlause og enkjer. De skal ikkje ausa ut uskuldig blod på denne staden.
4 # 17,25 Så sant de lever etter dette ordet, skal kongar som sit på Davids kongsstol og køyrer med vogner og hestar, koma inn gjennom portane til dette huset, både dei og tenarane deira og folket deira. 5Men vil de ikkje lyda desse orda, det sver eg ved meg sjølv, seier Herren, skal huset leggjast i ruinar.
6 # 22,6 Gilead, Libanon Gilead er ei høgd, og Libanon har høge fjell. Begge var skogkledde. For så seier Herren om kongehuset i Juda:
Du var eit Gilead for meg,
du var toppen av Libanon.
Men eg skal gjera deg til ørken,
til byar der ingen bur.
7Eg helgar dei som skal øydeleggja deg,
kvar med sitt våpen.
Dei skal fella dine finaste sedrar
og kasta dei på elden.
8 # 5 Mos 29,24ff; 1 Kong 9,8f; 2 Krøn 7,21f; Jer 5,19 Mange folkeslag skal dra forbi byen, og dei skal spørja kvarandre: «Kvifor har Herren gjort dette med denne store byen?» 9Og dei skal få til svar: «Fordi dei vende seg frå pakta med Herren sin Gud, tilbad andre gudar og tente dei.»
Om kong Sjallum
10 # 22,10 den døde kong Josjia, som fall i strid med egyptarane ved Megiddo i 609 f.Kr. Jf. 2 Kong 23,29. han som drog bort Joahas, son til Josjia. Han vart òg kalla Sjallum, jf. 1 Krøn 3,15. Han vart fanga av farao Neko. Jf. 2 Kong 23,33. De skal ikkje gråta over den døde
og ikkje sørgja over han.
Gråt heller over han som drog bort,
for han skal ikkje koma att,
han får aldri meir sjå sitt fødeland.
11 # 2 Kong 23,30ff.34 For så seier Herren om kong Sjallum av Juda, son til Josjia, han som vart konge etter Josjia, far sin:
Han som fór bort frå denne staden,
skal aldri venda attende.
12 # 22,12 på den staden i Egypt. For han skal døy på den staden
der han er i eksil,
og dette landet skal han aldri meir få sjå.
Om kong Jojakim
13 # 3 Mos 19,13+; 1 Kong 5,13ff; Hab 2,12 Ve han som byggjer sitt hus med urettferd,
sine loftssalar med urett.
Han lèt sin neste arbeida utan betaling
og gjev han ikkje løna han skal ha.
14Han seier: «Eg vil byggja eit stort hus
med romslege loftssalar.»
Så høgg han ut vindauge,
kler huset med sedertre og målar det raudt.
15 # 2 Kong 22,2; Fork 3,13 Blir du konge av å vera best
til å byggja med sedertre?
Far din åt og drakk
og gjorde det som er rett og rettferdig,
og då gjekk det han godt.
16Han felte rett dom
for hjelpelause og fattige,
og det gjekk han godt.
Det er å kjenna meg,
seier Herren.
17Men du har ikkje auge og hjarte
for anna enn urett vinning,
for å ausa ut uskuldig blod,
for å undertrykkja og mishandla.
18 # 1 Kong 13,30; 2 Kong 23,34; Jer 34,5 Difor seier Herren om kong Jojakim av Juda, son til Josjia:
Ingen held sørgjehøgtid over han og ropar:
«Å ve, min bror! Å ve, mi syster!»
Ingen held sørgjehøgtid og ropar:
«Å ve, herre! Å ve, majestet!»
19 # Jes 14,19f; Jer 36,30 Han får gravferd som eit esel,
han skal slepast og slengjast bort
utanfor Jerusalems portar.
Jerusalems ulukke
20 # 5 Mos 32,49 Gå opp på Libanon og skrik ut,
rop høgt i Basan,
skrik ut frå Abarim-fjella,
for alle elskarane dine er knuste.
21 # 2,2.25; 3,25; 6,16f Eg tala til deg då alt gjekk godt,
men du sa: «Eg vil ikkje høyra.»
Det var din veg frå ungdomen av,
for du ville ikkje høyra på mi røyst.
22Vinden skal gjeta alle gjetarane dine,
elskarane dine skal førast bort som fangar.
Då får du skam og vanære att
for alt det vonde du har gjort.
23Du som bur på Libanon
og har bygd reir i sedertrea,
kor du stønnar når smertene kjem over deg,
rier som hos ei fødande kvinne!
Om kong Konja
24 # 2 Kong 24,6; 2 Krøn 36,9; Høgs 8,6; Hag 2,23 # 22,24 Konja Jekonja eller Jojakin, som i 597 f.Kr. vart avsett og ført til Babel, jf. 2 Kong 24,8ff. >13,18. ein signetring =segl. Jf. Hag 2,23. Så sant eg lever, seier Herren: Sjølv om du, kong Konja av Juda, son til Jojakim, var ein signetring på mi høgre hand, ville eg riva deg av.
25 # 21,7; 34,20 Eg gjev deg i hendene på dei som står deg etter livet, og som du er redd, kong Nebukadnesar av Babel og kaldearane. 26#2 Kong 24,12.15 Eg kastar både deg og mor di som fødde deg, bort til eit anna land der de ikkje vart fødde, og der skal de døy.
27Men det landet som dei lengtar etter, skal dei aldri meir koma tilbake til.
28 # 17,4 Er då denne Konja
eit vanvørdt kar som skal knusast,
ein reiskap som ingen bryr seg om?
Kvifor er han og hans ætt kasta ut,
slengde bort til landet dei ikkje kjenner?
29Land, land, land, høyr Herrens ord!
30Så seier Herren:
Skriv denne mannen opp som barnlaus,
ein mann med eit mislukka liv.
Ingen av hans ætt skal lukkast i
å sitja på Davids trone
og atter herska over Juda.

Markert nå:

Jeremia 22: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring