Jeremia 18
N11NN
18
Leira i pottemakarens hand
1Dette ordet kom til Jeremia frå Herren: 2«Stå opp og gå ned til pottemakarens hus! Der skal eg la deg få høyra mine ord.» 3Så gjekk eg ned til pottemakarens hus. Han stod og arbeidde ved dreieskiva. 4Når det karet han heldt på å laga av leire, vart mislukka i pottemakarens hand, laga han det om til eit anna kar, slik han tykte det var rett.
5Då kom Herrens ord til meg: 6#Jes 45,9; Rom 9,21 Israels hus, kan ikkje eg gjera med dykk slik denne pottemakaren gjer med leira? seier Herren. Sjå, som leira i pottemakarens hand, slik er de i mi hand, Israels hus. 7#1,10 Stundom trugar eg eit folkeslag eller eit rike med å rykkja opp og riva ned og øydeleggja. 8#26,19; Esek 18,21ff; Joel 2,14; Jona 3,10 Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, angrar eg på det vonde eg hadde tenkt å gjera mot det. 9Stundom lovar eg eit folkeslag eller eit rike at eg vil byggja og planta. 10#1 Mos 6,6; 1 Kong 11,11 Men gjer dei då det som vondt er i mine auge, og ikkje høyrer på mi røyst, angrar eg på det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.
11 # 7,3; Joel 2,12f; Am 5,4.6.14 Og no, sei til mennene i Juda og til dei som bur i Jerusalem: Så seier Herren: Sjå, eg formar til ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend om, kvar frå sin vonde veg! Gjer vegane og gjerningane dykkar gode! 12#Jes 65,2; Jer 44,16 Men dei skal svara: «Det nyttar ikkje. Vi vil følgja våre eigne planar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde og eigenrådige hjarte.»
Kven har høyrt noko slikt?
13 # 2,10; Hos 6,10 Difor seier Herren:
Spør mellom folkeslaga:
Kven har høyrt noko slikt?
Grufulle ting har jomfru Israel gjort.
14 # 18,14 Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Forsvinn vel snøen på Libanon
frå høge berget?
Kan det kalde, rennande vatnet
frå framandt land tørka ut?
15 # 2,32; 3,21; 6,16 Men folket mitt har gløymt meg.
Dei tenner offereld til inga nytte.
Dei snublar på vegane sine,
i dei gamle spora,
og følgjer stigar der ingen veg er bygd.
16 # 19,8 Slik legg dei landet sitt audt
og gjer det til evig spott.
Alle som går forbi,
skal bli forfærde og rista på hovudet.
17Som ein austavind spreier eg dei
framfor fienden.
Med nakken og ikkje med andletet skal eg sjå på dei
på ulukkedagen deira.
Profeten bed om hemn
18 # 2,8; 4,9; 8,8 Dei sa: «Kom, lat oss leggja planar mot Jeremia.
For det skal ikkje mangla rettleiing hos presten,
råd hos den vise eller ord hos profeten.
Kom, lat oss slå han med tunga,
vi vil ikkje høyra på alt han seier.»
19 Herre, høyr på meg!
Høyr kva motstandarane mine seier!
20 # Sal 7,16; 35,12; Ordt 17,13; 26,27; Jer 38,6ff; Rom 12,17 Skal ein løna godt med vondt?
Dei har grave ei grav for meg!
Hugs at eg stod for ditt andlet
for å tala deira sak
og venda harmen din bort frå dei.
21 # Sal 63,11; Jer 20,4 Difor, overgjev borna deira til svolten,
gjev dei til sverdet!
Lat kvinnene bli barnlause og enkjer,
lat mennene råkast av døden,
unggutane deira falla for sverd i krigen.
22Lat det høyrast skrik i husa deira
når du brått lèt røvarar koma over dei.
For dei grov ei grav til å fanga meg
og sette løynde snarer for føtene mine.
23 # Sal 109,5ff Men du, Herre, kjenner
alle planane deira om å drepa meg.
Ta ikkje bort deira skuld
og utslett ikkje deira synd for ditt andlet,
men lat dei falla og liggja der!
Grip inn mot dei den tid du er vreid!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk