Jeremia 17
N11NN
17
Judas synd er skriven opp
1 # 17,1 altarhorna =horn, altarhorn. Judas synd er skriven opp med jerngriffel
og rissa inn med diamantstift
på deira hjartetavle
og på altarhorna,
2 # 3,6 medan borna deira minnest
altara og Asjera-pålane dei hadde
under frodige tre
og på høge haugar,
3 # 15,13ff fjella på marka.
Din rikdom, alle skattane dine
og offerhaugane dine
gjev eg til plyndring
på grunn av synda i heile ditt land.
4 # 5 Mos 32,22; Jer 5,19; 15,14 Av deg sjølv må du seia frå deg
den eigedom eg gav deg.
Eg gjer deg til slave for fiendane dine
i landet du ikkje kjenner.
For de har kveikt vreiden min,
han skal brenna for alltid.
Stol ikkje på menneske
5 # Sal 118,8f; 146,3 Så seier Herren:
Forbanna er den mann
som stolar på menneske
og søkjer sin styrke i kjøt og blod
og vender hjartet bort frå Herren.
6Han blir lik ein busk i øydemarka,
han får ikkje sjå det gode koma,
han held til i ein ørken av stein,
i det salte landet der ingen bur.
7 # Sal 2,12+; 40,5+; Ordt 29,25 Velsigna er den mann
som stolar på Herren
og set si lit til han.
8 # Sal 1,3 Han er lik eit tre
som er planta attmed vatn
og strekkjer røtene mot bekken.
Det fryktar ikkje når heten kjem,
lauvet er grønt.
Det engstar seg ikkje i tørketider
og held ikkje opp med å bera frukt.
9Hjartet er meir svikefullt enn noko anna,
det kan ikkje lækjast.
Kven kan skjøna det?
10 # Sal 7,10; Jer 11,20; 20,12; 32,19; Rom 2,6 Eg, Herren, er den
som granskar hjarte og prøver nyrer.
Eg løner kvar mann etter hans ferd,
etter frukta av hans gjerningar
Dom over urett og fråfall
11 # Sal 39,7 Ei rapphøne som ligg på egg
ho ikkje sjølv har vorpe,
er den som skaffar seg rikdom med urett.
Midt i livet må han gå frå han
og står der til sist som ein narr.
12Ei herleg trone,
opphøgd frå den første tid,
er staden der vår heilagdom står.
13 # Sal 36,10; Jer 2,13 Herre, du Israels von,
alle som forlèt deg, skal bli til skamme,
dei i landet som vender seg frå deg,
skal skrivast opp.
For dei har forlate Herren,
kjelda med levande vatn.
Frels meg du, så blir eg frelst
14 # Sal 6,3; Jer 31,18 Læk meg, Herre, så blir eg lækt,
frels meg du, så blir eg frelst.
For du er min lovsong.
15 # Jes 5,19; Esek 12,22; 2 Pet 3,4 Sjå, dei seier til meg:
«Kvar er Herrens ord?
Lat det koma!»
16 # 18,20 Men eg har ikkje trygla deg om
å senda noko vondt,
eg har ikkje lengta etter ein ulukkedag.
Du veit kva leppene mine har sagt,
det er rett framfor deg.
17Bli ikkje til redsle for meg!
Du er mi tilflukt når ulukka kjem.
18 # Sal 25,3; 35,4+ Lat forfølgjarane bli til skamme
og ikkje eg.
Lat dei bli slegne av redsle
og ikkje eg!
Lat ein ulukkedag koma over dei,
knus dei dobbelt!
Hald sabbatsdagen heilag
19Dette sa Herren til meg: Gå og stå i Folkeporten, der Judas kongar går inn og ut, og i alle portane i Jerusalem, 20#22,2 og sei til dei: Høyr Herrens ord, de Juda-kongar, heile Juda og alle som bur i Jerusalem, de som går inn gjennom desse portane.
21 # 2 Mos 20,8+; 5 Mos 5,12ff Så seier Herren: Så sant de har livet kjært, akta dykk for å bera noka bør på sabbatsdagen og koma inn gjennom Jerusalems portar med henne. 22#Neh 13,15ff; Am 8,5 De må ikkje bera noko ut or husa dykkar på sabbatsdagen og ikkje gjera noko arbeid. De skal halda sabbatsdagen heilag, slik eg baud fedrane dykkar. 23Men dei høyrde ikkje og vende ikkje øyret til, dei gjorde nakken stiv og lydde ikkje og tok ikkje imot formaning.
24 # Jes 56,2; 58,13f Dersom de høyrer på meg, seier Herren, og ikkje ber noka bør inn gjennom portane i denne byen på sabbatsdagen, men held sabbatsdagen heilag og ikkje gjer noko arbeid, 25#22,4 då skal kongar og fyrstar som sit på Davids trone, og som køyrer med hestar og vogner, få koma inn gjennom portane i denne byen, både dei og stormennene deira, mennene i Juda og dei som bur i Jerusalem. Denne byen skal stå til evig tid. 26Då skal dei koma frå byane i Juda og landet kring Jerusalem, frå Benjamin-landet, låglandet, fjellandet og Negev for å bera fram brennoffer, slaktoffer, grødeoffer og røykjelse og koma med takkoffer til Herrens hus.
27 # 7,20; Hos 8,14 Men om de ikkje vil høyra på meg og halda sabbatsdagen heilag, men ber bører og kjem inn gjennom Jerusalems portar med dei på sabbatsdagen, då set eg eld på portane. Han skal øyda borgene i Jerusalem, han skal ikkje slokna.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk