Jeremia 12

12
Kvifor har dei vonde lukka med seg?
1 # Job 21,7; Sal 73,3 Rettferdig er du, Herre,
når eg fører sak mot deg.
Likevel må eg snakka med deg
om kva som er rett.
Kvifor har dei urettferdige framgang,
kvifor er alle dei trulause trygge?
2 # Jes 29,13+ Du plantar dei, og dei slår rot,
dei veks og ber frukt.
Du er nær i munnen deira,
men frå hjartet er du langt borte.
3 # Sal 139,1ff; Jer 11,20 Men du, Herre, kjenner meg og ser meg,
du prøver mitt hjarte, min truskap mot deg.
Skil dei ut som sauer til slakting,
vigsla dei til dagen for drap!
4 # 9,10+ # 12,4 Han Herren. Kor lenge skal landet sørgja
og alt som gror på marka, tørka bort?
Dei som bur i landet, er vonde,
difor går dyr og fuglar til grunne.
Dei seier: «Han kan ikkje sjå
korleis det går oss til slutt.»
5 # 49,19; 50,44; Sak 11,3 Når du blir trøytt av å springa om kapp med fotfolk,
korleis kan du då springa om kapp med hestar?
Og er du trygg berre i fredeleg land,
kva har du då å gjera
i Jordans krattskog?
6Sjølv brørne dine og din fars hus
er trulause mot deg.
Dei ropar bak ryggen din: «Det er nok!»
Lit ikkje på dei
når dei seier gode ting til deg.
Heile landet er lagt i øyde
7Eg har gått frå huset mitt,
forkasta eigedomen min,
gjeve henne eg elska, i fiendens hand.
8Eigedomen har for meg vorte
som ei løve i skogen.
Ho brøler til meg,
difor hatar eg henne.
9 # Jes 56,9 Er eigedomen min ein spreklete rovfugl
som andre fuglar går laus på frå alle kantar?
Lat alle villdyr samlast
og før dei hit så dei kan eta!
10 # 6,3; 23,1ff Mange gjetarar har herja mi vinmark
og trampa ned mi odelsjord.
Dei har gjort min herlege odel
til ein aud ørken,
11gjort han til ei øydemark,
og øydemarka sørgjer framfor meg.
Heile landet er lagt audt,
og ingen bryr seg om det.
12Over alle dei snaue høgder i ørkenen
kom folk og herja.
For Herren har eit sverd som øyder
frå landsende til landsende,
ingen skapning finn fred.
13 # 5 Mos 28,38; Hos 8,7; Hag 1,6 Dei sådde kveite og hausta klunger,
dei streva til inga nytte.
Stå der i skam med avlinga dykkar!
For Herren er brennande harm.
Israel, Juda og grannefolka
14Så seier Herren om alle dei vonde grannane som rører ved den eigedomen eg har gjeve mitt folk Israel: Sjå, eg rykkjer dei opp frå jorda deira, og Judas hus rykkjer eg opp midt imellom dei. 15Men etter at eg har rykt dei opp, vil eg atter miskunna meg over dei og føra dei tilbake, kvar til sin eigedom og til sitt land. 16#5 Mos 6,13; 10,20; Jer 4,2 Og om dei lærer å kjenna vegane til folket mitt, om dei sver ved mitt namn og seier «så sant Herren lever», slik dei før lærte folket mitt å sverja ved Baal, då skal dei byggjast opp att midt imellom folket mitt. 17Men om dei ikkje vil høyra, rykkjer eg opp det folkeslaget, rykkjer det opp og gjer ende på det, seier Herren.

Markert nå:

Jeremia 12: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring