Dommarane 4

4
Debora og Barak
1 # 2,11+ På nytt gjorde israelittane det som var vondt i Herrens auge, no då Ehud var død. 2#2,14+Herren gav dei i hendene på kanaanearkongen Jabin, som styrte i Hasor. Hærføraren hans heitte Sisera; han heldt til i Harosjet-Haggojim. 3#1,19 Israelittane ropa til Herren. For Jabin hadde ni hundre jernvogner, og han kua israelittane med makt i tjue år.
4På den tida var profetkvinna Debora, kona til Lappidot, dommar i Israel. 5#1 Mos 35,8 Ho brukte å sitja under Debora-palmen mellom Rama og Betel i Efraim-fjella. Israelittane kom til henne for å få dom i rettstvistar.
6 # Hebr 11,32 Debora sende bod etter Barak, son til Abinoam, frå Kedesj i Naftali-landet og sa til han: «Høyr kva Herren, Israels Gud, byd deg: Gå av stad og dra opp på Tabor-fjellet! Ta med deg ti tusen mann frå Naftali og Sebulon. 7#Sal 83,10 Så skal eg få Sisera, Jabins hærførar, til å dra ut mot deg med vogner og troppar ved Kisjon-dalen. Eg gjev han i dine hender.» 8Barak sa til henne: «Går du med, skal eg gå, men går du ikkje med meg, går ikkje eg.» 9Då sa ho: «Visst skal eg gå med deg. Men då er det ikkje du som får æra for den ferda du gjer. For Herren vil overgje Sisera i handa til ei kvinne.» Så drog Debora med Barak til Kedesj. 10Barak kalla Sebulon og Naftali saman i Kedesj. Så drog han av stad, og bak han marsjerte ti tusen mann. Debora drog saman med han.
11 # 4 Mos 10,29; 24,21f; Dom 1,16; 4,17ff # 4,11 kenittane Ifølgje dette verset er kenittane slektningar av Moses. Kenitten Heber hadde skilt lag med dei andre kenittane, som var etterkomarar av Hobab, svogeren til Moses, og hadde slege opp telta sine ved Elon-Saanannim, ved Kedesj.
12Sisera fekk melding om at Barak, son til Abinoam, hadde drege opp på Tabor-fjellet. 13Han samla alle vognene sine, ni hundre jernvogner, og heile den hærstyrken han hadde, og førte dei frå Harosjet-Haggojim til Kisjon-dalen. 14#2 Sam 5,24 Då sa Debora til Barak: «Opp! For dette er dagen då Herren vil gje Sisera i dine hender. Herren går føre deg!» Så drog Barak ned frå Tabor-fjellet, og ti tusen mann var med han.
15 # Jos 10,10 Då Barak gjekk til åtak, slo Herren Sisera og alle stridsvognene hans og heile hæren hans med forvirring. Sisera steig ned av vogna og rømde til fots, 16medan Barak sette etter vognene og hæren heilt til Harosjet-Haggojim. Heile hæren til Sisera fall for sverdet. Ikkje ein einaste vart att.
17Sisera sjølv rømde til fots og kom til teltet der Jael, kona til kenitten Heber, heldt til. For det rådde fred mellom Jabin, kongen i Hasor, og slekta til Heber. 18Jael gjekk ut og møtte Sisera. «Kom inn, herre, kom inn til meg», sa ho. «Ver ikkje redd!» Han kom inn i teltet til henne, og ho dekte han til med eit teppe. 19#5,25 Han bad henne: «Ver snill og gjev meg litt vatn, for eg er så tørst!» Ho opna ei skinnflaske med mjølk, lét han få drikka og dekte han til att. 20Så sa han til henne: «Stå i teltopninga! Kjem det ein og spør om det er nokon her, skal du svara nei.»
21Jael, kona til Heber, greip ein teltplugg og tok ein hammar i handa. Så gjekk ho stille inn til han og slo pluggen gjennom tinningen på han så pluggen gjekk ned i jorda. Han hadde lege utmatta og sove, og slik døydde han.
22I det same kom Barak, som forfølgde Sisera. Jael gjekk ut og møtte han. Ho sa: «Kom, så skal eg visa deg mannen du leitar etter!» Han gjekk med henne inn, og sjå, der låg Sisera død med teltpluggen gjennom tinningen.
23Den dagen audmjuka Gud kanaanearkongen Jabin framfor israelittane. 24Og handa til israelittane vart meir og meir tyngjande for kanaanearkongen Jabin, heilt til dei gjorde ende på Jabin, kongen i Kanaan.

Markert nå:

Dommarane 4: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring