Dommarane 21
N11NN
21
Israel og Benjamin sluttar fred
1I Mispa hadde israelittane svore at ingen av dei skulle gje dotter si til ein mann av Benjamin. 2#20,26 Men då folket kom til Betel, sat dei der for Guds andlet heilt til kvelds. Dei gret høgt 3og sa: «Herre, Israels Gud, kvifor skulle dette henda i Israel, så det i dag manglar ein stamme av Israel?» 4Tidleg neste morgon bygde folket eit altar der og bar fram brennoffer og fredsoffer. 5Så sa israelittane: «Kven i alle Israel-stammane kom ikkje opp til forsamlinga, til Herren?» For dei hadde svore ein dyr eid om at den som ikkje kom opp til Herren i Mispa, skulle døy.
6Israelittane sørgde over brørne sine i Benjamin og sa: «I dag er ein stamme hoggen bort av Israel. 7Kva skal vi gjera for dei som er att, så dei kan få seg koner? Vi har då svore ved Herren at vi ikkje vil gje dei av døtrene våre.» 8Så spurde dei: «Fanst det ei ætt i Israel-stammane som ikkje kom opp til Herren i Mispa?» Det viste seg at frå Jabesj i Gilead var ingen komen til forsamlinga i leiren. 9Folket vart mønstra, men det fanst ikkje nokon av dei som budde i Jabesj i Gilead der.
10Forsamlinga sende då tolv tusen krigarar dit og sa til dei: «Far av stad og hogg ned Jabesj-buane i Gilead med sverd, kvinner og born òg. 11#21,11 slå … utrydda =bann. Slik skal de gjera: Alle menn og alle kvinner som har lege med menn, skal de slå med bann og utrydda.» 12Då fann dei mellom Jabesj-buane i Gilead fire hundre unge jenter som var jomfruer og ikkje hadde vore saman med eller lege med nokon mann. Og dei tok dei med seg til leiren i Sjilo i Kanaan.
13 # 20,47 Så sende heile forsamlinga bod til dei Benjamin-mennene som var på Rimmon-berget, og lova dei fred. 14Då kom Benjamin-mennene att med ein gong, og israelittane lét dei få dei kvinnene frå Jabesj i Gilead som dei hadde late leva. Men det vart ikkje nok til dei.
15Folket sørgde endå over Benjamin. For Herren hadde laga eit tomrom blant Israel-stammane. 16#20,48 Då sa dei eldste i forsamlinga: «Kva skal vi gjera for dei som er att, så dei kan få seg koner når kvinnene i Benjamin er utrydda?» 17Og dei sa: «Korleis skal dei som er att av Benjamin, kunna halda fram så ikkje ein heil stamme av Israel går til grunne? 18Men vi kan ikkje gje dei av døtrene våre.» For israelittane hadde svore og sagt: «Forbanna er den som gjev dotter si til ein mann i Benjamin!»
19«Men høyr no», sa dei. «Kvart år held dei ei høgtid for Herren i Sjilo.» Sjilo ligg nord for Betel, aust for den landevegen som går frå Betel til Sikem, og sør for Lebona. 20«Dra dit», sa dei til Benjamin-mennene, «og legg dykk på lur i vinmarkene! 21Når de då ser at ungjentene i Sjilo kjem ut og dansar ringdans, skal de springa fram frå vinmarkene og rana dykk kvar si kone mellom ungjentene i Sjilo, og så fara heim att til Benjamin-landet. 22Og når fedrane eller brørne deira kjem og klagar til oss, skal vi seia til dei: Lat oss visa nåde mot dei! For vi fekk ikkje tak i ei kone til kvar i krigen. De har heller ikkje gjeve dei til dei, så det kviler inga skuld på dykk.»
23Benjamin-mennene gjorde slik. Dei tok seg kvar si kone mellom dei dansande jentene som dei hadde bortført. Så drog dei heim att til eigedomen sin, bygde opp att byane og vart buande der. 24Israelittane òg drog bort derifrå, kvar til sin stamme og si ætt, heim til sin eigedom.
25 # 17,6+ I dei dagane var det ingen konge i Israel. Kvar gjorde som han sjølv fann for godt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk