Dommarane 18
N11NN
18
Dan slår seg ned i nord
1 # 17,6+ I dei dagane var det ingen konge i Israel, og Dan-stammen leita etter eit eige område der dei kunne busetja seg. For det hadde ikkje falle nokon eigedom på dei mellom stammane i Israel. 2#17,2ff Dans etterkomarar sende då ut fem mann av ætta si, av deira eigne, djerve menn frå Sora og Esjtaol. Dei skulle spionera i landet og utforska det. Og dei sa til dei: «Gå av stad og utforsk landet!»
Mennene kom til huset åt Mika i Efraim-fjella og overnatta der. 3Då dei var i nærleiken av huset til Mika, kjende dei att røysta til den unge levitten. Så tok dei av frå vegen og spurde han: «Kven har ført deg hit? Kva gjer du her, og kvifor er du her?» 4Då fortalde han om alt det Mika hadde gjort for han. «Han har teke meg i si teneste», sa han, «eg er prest hos han.» 5#1,1 Då sa dei: «Spør Gud for oss, så vi får vita om den ferda vi er ute på, skal lukkast.» 6#2 Mos 4,18; 1 Sam 1,17 Presten svara: «Far i fred! Herren skal ha auge med vegen der de ferdast.»
7 # 18,7 Lajisj Lesjem (Jos 19,47), som sidan vart kalla Dan, v. 29. By ved foten av Hermon-fjellet. Ingen … for nær Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Så fór dei fem mennene og kom til Lajisj. Dei såg at folket der på staden levde sorglaust på same måten som sidonarane: roleg og sorglaust. Ingen som hadde makt i landet, gjekk dei for nær. Langt borte var dei frå sidonarane og hadde ikkje noko å gjera med andre folk.
8 # 18,8 Sora >13,2. Esjtaol by i låglandet, høyrde Dan-stammen til. Jf. Jos 15,33; 19,41. Då mennene kom heim att, spurde brørne deira i Sora og Esjtaol: «Korleis gjekk det?» 9Dei svara: «Kom, lat oss fara opp mot dei! Vi har sett at det er eit framifrå land. Og de sit i ro her! Dryg ikkje med å dra av stad og ta landet! 10Når de kjem dit, kjem de til eit sorglaust folk. Landet er romsleg og vidt. Gud har gjeve det i hendene dykkar. Dette er eit land der det ikkje vantar nokon verdsens ting.»
11Så tok dei i veg, seks hundre fullvæpna menn av Dan-slekta, frå Sora og Esjtaol. 12#Jos 15,9 Då dei var komne opp i høgda, slo dei leir i Kirjat-Jearim i Juda. Difor har den staden vorte kalla Dan-leiren heilt til denne dag. Han ligg vest for Kirjat-Jearim. 13Derifrå drog dei over Efraim-fjella og kom til huset åt Mika. 14#17,4f#18,14 efod, terafar >8,27; 17,5. Dei fem mennene som hadde gått og spionert i Lajisj-landet, sa då til brørne sine: «Veit de at i desse husa er det ein efod, nokre terafar, eit utskore gudebilete og eit støypt bilete? No veit de vel kva de har å gjera.»
15Så tok dei vegen dit og kom til huset åt Mika der den unge levitten budde, og dei helsa på han. 16Medan dei seks hundre fullvæpna mennene av Dan-stammen vart ståande i porten, 17gjekk dei fem som hadde vore og spionert i landet, opp til huset. Dei gjekk inn og tok det utskorne gudebiletet, efoden, terafane og det støypte biletet. Presten stod nede ved porten saman med dei seks hundre fullvæpna mennene. 18Dei andre hadde gått inn i huset til Mika og henta det utskorne gudebiletet, efoden, terafane og det støypte biletet. Då sa presten til dei: «Kva er det de gjer?» 19#Job 21,5; 29,9; 39,37; Ordt 30,32; Mi 7,16 «Tei stille!» svara dei. «Hald handa for munnen! Kom heller med oss og ver far og prest for oss! Er det ikkje betre for deg å vera prest for ein stamme og ei ætt i Israel enn for huset til ein einskild mann?» 20Då vart presten glad. Han tok efoden, terafane og det utskorne gudebiletet og gav seg i lag med flokken. 21Så snudde dei og gjekk. Og borna, buskapen og det dei eigde, hadde dei fremst i ferda.
22Dei var alt komne langt ifrå huset der Mika budde, før mennene i grannelaget til Mika fekk samla seg. Då dei nådde att danittane 23og ropa på dei, snudde danittane seg og sa til Mika: «Kva er det du vil, sidan du har samla folka dine?» 24Han svara: «De har teke gudane mine som eg har laga, og drege av garde med presten min. Kva har eg så att? Og endå spør de meg kva eg vil!» 25Då sa danittane til han: «Lat oss ikkje høyra eit ord meir av deg! Elles kunne misnøgde folk slå dykk ned og drepa både deg og dine.» 26Så fór danittane sin veg. Og då Mika såg at dei var for sterke for han, snudde han og drog heim att.
27Då dei hadde teke det som Mika hadde laga, og presten som var hos han, drog dei mot Lajisj og mot det rolege og sorglause folket der. Folket hogg dei ned med sverd, byen brende dei med eld, 28og det var ingen som hjelpte. For dei budde langt frå Sidon og hadde ikkje noko å gjera med andre folk. Byen låg i den dalen som høyrer Bet-Rehob til. Dei bygde han opp att og busette seg der. 29Dei kalla byen Dan etter stamfar sin, son til Israel. Før heitte byen Lajisj. 30#2 Mos 2,22; 18,3#18,30 Jonatan den unge levitten, jf. 17,7ff; 18,15ff. folket vart bortført av assyrarkongen Tiglat-Pileser i året 734 f.Kr. Jf. 2 Kong 15,29. Der sette dei opp det utskorne gudebiletet, og etterkomarane av Jonatan og Jonatan sjølv, som var son til Gersjom og soneson til Moses, var prestar for Dan-stammen heilt til den dagen då folket vart bortført frå landet. 31#Jos 18,1; 1 Kong 12,29#18,31 Sjilo viktig by i Efraim, før kongetida eit religiøst og politisk sentrum for stammane i Israel. Jf. Jos 18,1. Det utskorne gudebiletet som Mika hadde laga, vart ståande hos dei så lenge Guds hus var i Sjilo.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk