Dommarane 15

15
Samson hemnar seg på filistrane
1Ei tid seinare, ein dag i kveiteskurden, kom Samson og ville sjå om kona si. Han hadde med seg eit kje. «Lat meg få koma inn i rommet til kona mi!» sa han. Men far hennar ville ikkje gje han lov til det. 2Han sa: «Eg tenkte så visst at du ikkje lika henne meir, og så gav eg henne til bruresveinen din. Kan du ikkje ta veslesyster hennar i staden? Ho er då mykje vakrare.» 3Då sa Samson: «Denne gongen er eg fri for skuld om eg gjer filistrane noko vondt.»
4Så gjekk Samson av stad og fanga tre hundre revar. Han fann seg faklar, batt revane i hop etter halane, to og to, og feste ein fakkel mellom kvart halepar. 5Så tende han faklane og sleppte revane inn på åkrane til filistrane. Slik brende han opp kornet, både det skorne og det uskorne, ja, til og med vinmarker og olivenhagar.
6 # 14,15ff Filistrane spurde kven som hadde gjort dette, og folk svara: «Samson, svigersonen til Timna-mannen. Han gjorde det fordi svigerfaren tok kona hans og gav til bruresveinen.» Så drog filistrane opp og brende inne både kona og far hennar. 7Då sa Samson til dei: «Er det slik de gjer, skal eg så visst ikkje kvila før eg får hemna meg på dykk.» 8Og han slo dei sønder og saman, og det vart eit stort mannefall. Sidan drog han ned til Etam-juvet og gav seg til der.
9 # 15,9 Lehi Namnet kan tyda «kjevebein». Jf. v. 15–17. No kom filistrane opp i Juda og slo leir der, og dei spreidde seg utover i Lehi. 10Mennene i Juda spurde: «Kvifor kjem de hit og tek på oss?» Dei svara: «Vi vil binda Samson og gjera med han som han har gjort med oss.» 11Då fór tre tusen judearar ned til Etam-juvet og sa til Samson: «Veit du ikkje at filistrane herskar over oss? Kvifor har du gjort dette mot oss?» Han svara: «Som dei gjorde mot meg, har eg gjort mot dei.» 12Då sa dei: «Vi er komne hit for å binda deg og gje deg over i hendene på filistrane.» Samson sa: «Gjer eid på at de ikkje vil overfalla meg.» 13Dei svara: «Nei, vi vil berre binda deg og gje deg over i hendene deira; vi skal ikkje drepa deg.» Så batt dei han med to nye reip og førte han opp or juvet.
14 # 3,10+ Då han kom til Lehi, sprang filistrane imot han med høge rop. Då kom Herrens ande over han. Det var som reipa om armane hans var brend lintråd, banda løyste seg opp i trevlar og fall ned frå hendene på han. 15Så fann han eit friskt kjevebein av eit esel; det greip han og slo i hel tusen mann med det. 16Då sa Samson:
«Med kjeven av eit esel
slo eg ein flokk, ja, to,
med kjeven av eit esel
slo eg tusen mann.»
17Då han hadde sagt dette, kasta han kjevebeinet frå seg. Sidan kalla dei den staden Kjevebeinhaugen.
18Men så vart Samson brennande tørst, og han ropa til Herren: «Du har gjeve tenaren din denne store sigeren. Skal eg no døy av tørste og falla i hendene på dei uomskorne?» 19Då opna Gud den hòla som er i Lehi, og det rann vatn or henne. Samson fekk drikka, livskrafta kom att, og han kvikna til. Difor kalla dei kjelda Roparkjelda. Ho er i Lehi den dag i dag.
20Samson var dommar i Israel i tjue år. Det var i filistartida.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring