Dommarane 13
N11NN
13
Samson blir fødd
1 # 2,11+ På nytt gjorde israelittane det som var vondt i Herrens auge. Då gav Herren dei i hendene på filistrane i førti år.
2 # 13,2 Sora by i låglandet, høyrde til Dan-stammen. Jf. Jos 15,33; 19,41. Det var ein mann frå Sora, frå Dan-slekta, han heitte Manoah. Kona hans var barnlaus; ho kunne ikkje få born. 3Herrens engel synte seg for henne og sa: «Eg veit at du er barnlaus og ikkje kan få born. Men du skal bli med barn og føda ein son. 4Pass difor på at du ikkje drikk vin eller sterk drikk og ikkje et noko ureint! 5#13,5 nasirear tyder «innvigd». =religiøse skikkar og ordningar. Jf. 4 Mos 6,1ff; 1 Sam 1,11. For sjå, du skal bli med barn og føda ein son. Det må aldri koma rakekniv på hovudet hans, for guten skal vera ein Guds nasirear alt frå mors liv, og med han skal berginga av Israel frå filistrane ta til.»
6Kvinna gjekk til mannen sin og sa: «Det kom ein gudsmann til meg. Han var å sjå til som Guds engel og fylte meg med redsle. Eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sa han meg namnet sitt. 7Han sa til meg: Du skal bli med barn og få ein son. Drikk no ikkje vin eller sterk drikk og et ikkje noko ureint! For guten skal vera ein Guds nasirear frå mors liv og til sin døyande dag.»
8Då bad Manoah til Herren og sa: «Høyr meg, Herre! Lat den gudsmannen som du sende, koma hit att og læra oss kva vi skal gjera med guten som skal bli fødd.» 9Gud høyrde Manoahs bøn. Guds engel kom att til kvinna ein gong ho sat utpå marka og Manoah, mannen hennar, ikkje var med henne. 10Då skunda kvinna seg og sprang heim og fortalde mannen sin: «No har han synt seg for meg att, den mannen som kom til meg her om dagen.» 11Manoah reiste seg og følgde kona si. Då han kom ut til mannen, spurde han: «Er du den mannen som tala til kona mi?» «Ja», svara han. 12Då sa Manoah: «Når det no går som du har sagt, korleis skal vi då oppføra oss overfor guten, og kva skal vi gjera med han?» 13Herrens engel svara Manoah: «Alt det eg nemnde for kona di, må ho passa seg for. 14Ho må ikkje eta noko som kjem frå vintreet, ikkje drikka vin eller sterk drikk og ikkje eta noko ureint. Alt det eg har pålagt henne, skal ho halda seg etter.»
15 # 6,18 Då sa Manoah til Herrens engel: «Vil du ikkje stansa ei stund så vi får stella til eit kje for deg?» 16Men Herrens engel svara Manoah: «Om du får meg til stansa, et eg likevel ikkje av maten din. Men vil du laga til eit brennoffer, skal du ofra det til Herren!» Manoah visste ikkje at det var Herrens engel. 17#1 Mos 32,29 Difor sa han til Herrens engel: «Kva er namnet ditt, så vi kan æra deg når det hender, det du har sagt?» 18Då sa Herrens engel: «Kvifor spør du om namnet mitt? Det er eit underfullt namn!»
19Så tok Manoah kjeet og grødeofferet og ofra det der på berget til Herren, han som gjer under. Medan Manoah og kona hans stod og såg på, 20#6,21+ hende det noko. Då logen steig opp frå altaret mot himmelen, fór Herrens engel opp i logen frå altaret. Då Manoah og kona hans såg det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda. 21Herrens engel synte seg ikkje oftare for Manoah og kona hans. Då skjøna Manoah at det var Herrens engel, 22#6,22+#13,22 No må vi døy Jf. 1 Mos 32,30; 2 Mos 33,20. og han sa til kona si: «No må vi døy, for vi har sett Gud.» 23Men kona svara: «Hadde Herren vilja drepa oss, hadde han ikkje teke imot brennoffer og grødeoffer av oss. Han hadde ikkje late oss sjå alt dette og ikkje høyra slikt som vi har høyrt.»
24 # 13,24 Samson Namnet er avleidd av det hebr. ordet for «sol». Kona fødde ein son og kalla han Samson. Guten voks opp, og Herren velsigna han. 25#18,12 Og Herrens ande tok til å driva han medan han var i Dan-leiren mellom Sora og Esjtaol.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk