Jakob 2
N11NN

Jakob 2

2
Rike og fattige
1 # Joh 17,1; 1 Kor 2,8 Mine sysken, de kan ikkje tru på vår Herre Jesus Kristus, herlegdomens Herre, og samtidig gjera forskjell på folk. 2#2,2 forsamlinga kan òg omsetjast «synagogen». Dette er einaste gongen i NT det gr. ordet blir brukt om ei kristen forsamling. Set at det kjem to menn inn i forsamlinga dykkar – den eine i staselege klede og med gullring på fingeren, den andre fattig og i skitne klede. 3Då legg de merke til han i dei staselege kleda og seier: «Kom hit og finn deg ein god plass!» Men til den fattige seier de: «Du kan stå der!» eller: «Set deg her ved føtene mine!» 4Har de ikkje då skapt eit skilje mellom dykk? Har de ikkje vorte dommarar med vonde tankar? 5#Luk 6,20; 1 Kor 1,26; 2,9 Høyr no, mine kjære sysken: Har ikkje Gud valt ut dei fattige i verda til å vera rike i trua og til å arva det riket han har lova dei som elskar han? 6#1 Kor 11,22 Men de har forakta den fattige! Er det ikkje dei rike som undertrykkjer dykk og dreg dykk fram for domstolen? 7Er det ikkje dei som spottar det gode namnet som er nemnt over dykk?
8 # 3 Mos 19,18; Rom 13,8f+ Dersom de oppfyller den kongelege lov i Skrifta: Du skal elska nesten din som deg sjølv, då gjer de rett. 9#5 Mos 1,17 Men gjer de forskjell på folk, då syndar de, og lova klagar dykk som lovbrytarar. 10#Matt 5,19; Gal 3,10 For den som held heile lova, men snublar i eit einaste bod, han har gjort seg skuldig i brot på dei alle. 11#2 Mos 20,13f For han som sa: Du skal ikkje bryta ekteskapet, han sa òg: Du skal ikkje slå i hel. Om du då ikkje bryt ekteskapet, men slår i hel, så har du vorte ein lovbrytar. 12#1,25+ Etter fridomens lov skal de dømmast, etter den skal de tala og handla. 13#Matt 5,7; 18,28ff; Luk 6,36 For dommen skal vera utan miskunn mot den som ikkje har vist miskunn. Men miskunn sigrar over dommen.
Tru og gjerningar
14 # Matt 7,21; Gal 5,6.19ff Kva hjelper det, sysken, om nokon seier at han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelsa han? 15#Matt 25,35f; 1 Joh 3,17f Set at ein bror eller ei syster ikkje har klede og manglar mat for dagen, 16kva hjelper det då om ein av dykk seier til dei: «Gå med fred, varm dykk og et dykk mette!» utan å gje dei det kroppen treng? 17På same måten er det med trua: i seg sjølv, utan gjerningar, er ho død.
18Kanskje vil nokon seia: «Du har tru, eg har gjerningar.» Vis meg di tru utan gjerningar, så skal eg ut frå gjerningane visa deg mi tru. 19#Matt 8,29; Luk 4,34 Du trur at Gud er éin? Det gjer du rett i. Dei vonde åndene trur det same – og skjelv! 20Vil du ikkje skjøna, du tankelause menneske, at tru utan gjerningar er til inga nytte? 21#1 Mos 22,9ff Var det ikkje på grunn av gjerningar at Abraham, far vår, vart rekna som rettferdig då han bar fram Isak, son sin, som offer på altaret? 22#Hebr 11,17 Slik kan du sjå at trua verka saman med gjerningane hans, og gjennom gjerningane vart trua fullenda. 23#1 Mos 15,6; 2 Krøn 20,7; Jes 41,8; Rom 4,3; Gal 3,6 På den måten vart dette skriftordet oppfylt: Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig, og han vart kalla «Guds ven». 24Der ser de at eit menneske blir rekna som rettferdig på grunn av gjerningar og ikkje berre ved tru. 25#Jos 2; Hebr 11,31 På same måten var det med Rahab, ho som var prostituert: Vart ikkje ho rekna som rettferdig på grunn av gjerningar, fordi ho tok imot utsendingane og sleppte dei ut ein annan veg? 26#2,17.20 For liksom kroppen er død utan ånd, er trua død utan gjerningar.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk