Jesaja 7

7
Bodskap til kong Ahas
1 # 2 Kong 16,5ff I dei dagane då Ahas, son til Jotam, Ussias son, var konge i Juda, drog kong Resin av Aram og kong Pekah av Israel, son til Remalja, opp i krig mot Jerusalem. Men dei greidde ikkje å gå til åtak på byen.
2 # 7,2 Efraim her om heile Nordriket. Det vart meldt til Davids hus: «Aramearane har slege leir i Efraim.» Då skalv hjartet både hos kongen og folket, slik trea i skogen skjelv for vinden.
3 # 7,3 Sjear-Jasjub symbolsk namn som kan tyda «ein rest skal venda om». Jf. 8,3; 10,21. vassleidningen den leidningen eller kanalen som førte vatn frå Gihon-kjelda i Kedron-dalen inn i byen, til Nedredammen. Jf. 22,9. Då sa Herren til Jesaja: Gå ut, du og son din Sjear-Jasjub, og møt Ahas ved enden av vassleidningen frå Øvredammen, på vegen til vaskeplassen. 4Sei til han: Ta deg i vare og hald deg i ro! Ver ikkje redd og mist ikkje motet for desse to utbrende og rykande vedskiene, for den brennande harmen til Resin og Aram og son til Remalja!
5Fordi Aram, Efraim og son til Remalja har lagt vonde planar mot deg og sagt: 6«Lat oss dra opp mot Juda og setja skrekk i det, leggja det under oss og gjera Tabeels son til konge der», 7#8,10 så seier Herren Gud:
«Det skal ikkje lukkast,
og det skal ikkje skje.
8For Damaskus er Arams hovud,
og Resin er hovud i Damaskus
– men om sekstifem år er Efraim knust,
og det er ikkje lenger eit folk –
9 # 2 Krøn 20,20 og Samaria er Efraims hovud,
og son til Remalja er hovud i Samaria.
Vil de ikkje tru, kan de ikkje stå støtt.»
Immanuel-teiknet
10 Herren tala igjen til Ahas og sa: 11«Be om eit teikn frå Herren din Gud, nede frå dødsriket eller oppe frå det høge!» 12#5 Mos 6,16 Men Ahas svara: «Eg vil ikkje be om noko og ikkje setja Herren på prøve.»
13Då sa han: «Så høyr då, Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, må de òg trøytta min Gud? 14#8,8.10; Matt 1,23; Luk 1,31#7,14 den unge jenta =Septuaginta, den førkristne gr. omsetjinga av GT, omset «jomfrua», og i denne forma er verset sitert i Matt 1,23. Immanuel Namnet tyder «Gud med oss». Jf. 8,10; 9,6; Mi 5,2. Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel. 15#5 Mos 1,39 Rømme og honning skal han eta til han forstår å forkasta det vonde og velja det gode. 16#2 Kong 15,29; 16,9 For før guten forstår å forkasta det vonde og velja det gode, skal det bli audt i landet til dei to kongane du fryktar. 17#1 Kong 12,16ff#7,17 Efraim skilde seg frå Juda då riket vart kløyvt etter at Salomo døydde, år 931 f.Kr. Jf. 1 Kong 12. Og over deg og folket ditt og huset til far din skal Herren la det koma dagar som det ikkje har vore sidan Efraim skilde seg frå Juda – kongen av Assur.»
Torn og tistel
18 # 7,18 plystrar på Herren vil kalla på stormaktene og bruka dei som sin reiskap til å straffa Juda. Jf. 5,26. Den dagen skal det skje
at Herren plystrar på flugene
attmed elveosane i Egypt
og på biene i Assur.
19Alle skal koma og slå seg ned
i bratte gjel og fjellkløfter,
i alle tornekratt
og på alle vatningsplassar.
20 # 10,5 Den dagen skal Herren barbera
med ein kniv han har leigd
på den andre sida av Storelva,
med kongen av Assur,
alt hår både på hovudet og mellom beina,
ja, skjegget òg skal kniven ta bort.
21Og den dagen skal ein mann kunna halda
ei kvige og eit par sauer,
22og dei skal gje så mykje mjølk
at han kan eta rømme.
Ja, rømme og honning skal dei eta,
alle dei som er att i landet.
23Og den dagen skal det skje
at kvar stad der det no er tusen vinstokkar,
verde tusen sjekel sølv,
skal det berre vera torn og tistel.
24Med pil og boge går ein dit,
for landet er fullt av torn og tistel.
25 # 5,17 Og alle liene som vart hakka opp med hakker,
dit kan du ikkje koma meir
av redsle for torn og tistel.
No skal oksar sleppast laus der,
og sauene skal trakka.

Markert nå:

Jesaja 7: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring