Jesaja 63
N11NN
63
Straff og utløysing
1 # 63,1 Bosra >34,6. Kven er han som kjem frå Edom,
frå Bosra i raude klede,
han med den staselege drakta,
han som skrid fram med stor kraft?
«Det er eg,
som talar i rettferd
og har makt til å frelsa.»
2 # Op 19,13 Kvifor er drakta di så raud,
lik kleda til ein som trakkar druer?
3 # Klag 1,15 «I vinpressa trakka eg åleine,
ingen av folka var med meg.
Eg trakka på dei i min vreide
og trampa dei ned i min harme.
Safta deira spruta på kleda mine,
heile drakta mi vart tilsølt.
4 # 34,8; 35,4; 61,2 For eg hadde hemnens dag i hjartet,
året for å løysa ut var kome.
5 # 59,16 Eg såg meg om, det var ingen som hjelpte,
eg undra meg, men fekk inga støtte.
Armen min hjelpte meg,
og harmen min støtta meg.
6Eg trampa folka ned i min vreide
og knuste dei i min harme,
og blodet deira lét eg renna til jorda.»
Folket angrar og bed om frelse
7 # Sal 77,12ff; 103,2ff; 105,5ff Eg vil minnast Herrens velgjerningar
og lovsyngja Herren
for alt det Herren har gjort for oss,
for alt det gode han har gjort mot Israels hus
i si miskunn og sin store kjærleik.
8Han har sagt: «Ja, dei er mitt folk,
born som aldri svik.»
Og han vart deira frelsar.
9 # 2 Mos 14,19; 23,20; Jes 46,4; Jer 31,3 I all deira trengsle var det inga trengsle.
Engelen for hans andlet frelste dei.
I sin kjærleik og i si medkjensle
løyste han dei ut.
Alltid lyfte han dei og bar dei
i gamle dagar.
10 # Ef 4,30 Men dei var trassige
og gjorde hans heilage Ande sorg.
Så vart han ein fiende for dei,
han kjempa sjølv imot dei.
11 # 2 Mos 14,29; 4 Mos 11,25; Sal 77,21 Då tenkte folket på gamle dagar, på Moses.
Kvar er han som førte
ein gjetar for småfeet sitt
opp frå vatnet?
Kvar er han som gav
sin heilage Ande i hans indre,
12han som lét sin herlege arm
gå fram på høgre sida av Moses,
han som kløyvde vatnet framfor dei
for å skapa seg eit evig namn,
13han som lét dei gå gjennom djupa
som hesten gjennom ørkenen?
Dei snubla ikkje.
14Lik buskap som går ned i dalen,
førte Herrens ande dei til kvile.
Slik leidde du ditt folk
for å skapa deg eit herleg namn.
15 # 5 Mos 26,15; Sal 80,15 Sjå ned frå himmelen,
frå din heilage, herlege bustad!
Kvar er din lidenskap og din styrke?
Ditt dirrande hjarte og di miskunn
held seg attende for meg.
16 # 59,20; 64,7 For du er vår far!
Abraham kjenner oss ikkje,
og Israel vil ikkje vita av oss.
Du, Herre, er vår far.
Ditt namn frå gamle dagar
er Han som løyser oss ut.
17Kvifor fører du oss bort, Herre,
frå dine vegar?
Kvifor gjer du hjartet vårt hardt
så vi ikkje fryktar deg?
Vend attende for dine tenarar skuld,
stammane som er din eigedom!
18 # Sal 79,1ff Lite eigde ditt heilage folk,
våre motstandarar trakka din heilagdom ned.
19Det er som om du aldri hadde herska over oss,
som om namnet ditt ikkje var nemnt over oss.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk