Jesaja 61

61
Eit nådeår frå Herren
1 # Sal 34,19; 51,19; Jes 11,2; 57,15+; Luk 4,18ff Herren Guds ande er over meg,
for Herren har salva meg.
Han har sendt meg
for å forkynna ein god bodskap for hjelpelause,
for å forbinda dei som har eit knust hjarte,
ropa ut fridom for dei som er i fangenskap,
og frigjering for dei som er bundne,
2 # 63,4; Matt 5,4; 11,28; Luk 6,21 for å ropa ut eit nådens år frå Herren
og ein hemnens dag frå vår Gud,
for å trøysta alle som sørgjer,
3 # 51,3; 60,21; Jer 17,8 og gje dei sørgjande i Sion
turban i staden for oske,
gledeolje i staden for sorg,
lovsongsdrakt i staden for motlaus ånd.
Dei skal kallast Rettferds eiketre
som Herren har planta
for å syna sin herlegdom.
4 # 58,12 Dei skal byggja opp att gamle ruinar
og gjenreisa det som før låg audt,
dei skal byggja opp att ruinbyane
som låg aude frå slekt til slekt.
5 # 14,1f Framande skal stå
og gjeta småfeet for dykk,
utlendingar skal vera bønder
og vindyrkarar for dykk.
6 # 2 Mos 19,6; Jes 66,21; 1 Pet 2,5; Op 1,6 Men de skal kallast Herrens prestar.
Tenarar for vår Gud, skal de heita.
De skal eta av rikdomen til folka
og overta deira prakt.
7 # 35,10; 40,2; 51,11; 66,14 Før hadde de dobbel skam og vanære.
No skal dei jubla over sin del.
Difor skal dei ha dobbel arv i landet,
evig glede skal dei få.
8 # 54,10; 55,3; Esek 37,26 For eg er Herren, som elskar rett
og hatar ran og urett.
I truskap gjev eg dei løn
og gjer ei evig pakt med dei.
9Ætta deira skal bli kjend mellom folkeslaga,
etterkomarane deira mellom folka.
Alle som ser dei, skal skjøna
at dei er ei ætt som Herren velsignar.
10 # Hab 3,18; Sak 3,4ff; Luk 1,47; Op 19,8; 21,2 Eg gleder meg i Herren,
mi sjel jublar over min Gud.
For han har kledd meg i frelsesklede
og sveipt meg i rettferds kappe
lik ein brudgom som set på seg presteleg turban,
lik ei brur som pyntar seg med smykke.
11 # 45,8 For som jorda lèt spirene veksa,
som ein hage lèt frøa gro,
så skal Herren Gud
la rettferd og lovsong
spira fram for alle folkeslag.

Markert nå:

Jesaja 61: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring