Jesaja 60
N11NN
60
Jerusalems herlege framtid
1 # 9,2; Ef 5,14 Reis deg, bli lys!
For lyset ditt kjem,
Herrens herlegdom går opp over deg.
2 # Joh 1,5.9.14 Sjå, mørker dekkjer jorda,
skodde dekkjer folka.
Men over deg går Herren opp,
hans herlegdom viser seg over deg.
3 # 2,3; 42,6; 49,6; Luk 2,32; Op 21,24 Folkeslag skal gå mot ditt lys,
kongar gå mot din soloppgang.
4 # 11,11f; 49,12.18.22 Lyft auga, sjå deg ikring!
Alle samlar seg og kjem til deg.
Sønene dine kjem frå det fjerne,
døtrene dine blir borne på armen.
5 # Sal 72,10f; Hag 2,7 Då skal du sjå det og stråla,
hjartet skal skjelva og svulma.
For havsens skattar blir dine,
rikdomen til folkeslaga kjem til deg.
6 # Sal 72,10.15 Kamelar i mengd dekkjer deg,
kamelfolar frå Midjan og Efa.
Alle frå Saba kjem,
gull og røykjelse har dei med seg,
dei forkynner Herrens pris.
7 # Mal 1,11 Alt småfe frå Kedar samlast hos deg,
vêrar frå Nebajot står til di teneste.
Dei skal ofrast på mitt altar til glede for meg.
Eg vil pryda mitt herlege tempel.
8Kven er dei
som flyg som ei sky,
som duer til dueslaget?
9 # 55,5 # 60,9 Tarsis-skipa >2,16. Fjerne kystar vonar på meg.
Tarsis-skipa er dei første
til å føra borna dine frå det fjerne,
og sølvet og gullet med dei,
for namnet til Herren din Gud,
for Israels Heilage, som gjev deg herlegdom.
10 # 49,16f; 54,7f Framande skal byggja opp murane dine,
kongane deira skal tena deg.
I min harme har eg slege deg,
men i min nåde miskunnar eg deg.
11 # Sal 68,32; 72,10; Op 21,24ff Portane dine skal alltid stå opne,
korkje dag eller natt skal dei stengjast,
så rikdomen til folkeslaga kan førast til deg
og kongane deira førast fram.
12For det folkeslag eller kongerike
som ikkje vil tena deg,
skal gå til grunne,
og folkeslaga skal ryddast ut.
13 # 35,2 Libanons herlegdom skal koma til deg,
sypressar saman med gran og buksbom,
til pryd for den staden der min heilagdom står.
Eg vil æra staden der eg set min fot.
14 # Sal 72,9; Jes 49,23 Borna til dei som plaga deg,
skal koma og bøya seg ned for deg.
Alle som forakta deg,
skal kasta seg ned for føtene dine.
Dei skal kalla deg Herrens by,
Sion, som høyrer Israels Heilage til.
15 # 62,4 Før var du forlaten og forakta,
og ingen besøkte deg,
men no gjer eg deg stor for alltid,
til glede frå slekt til slekt.
16 # 49,23.26 # 60,16 Jakobs Mektige >1 Mos 49,24. Du skal få suga mjølk frå folkeslaga,
av kongars bryst skal du suga.
Du skal kjenna at eg er Herren, din frelsar,
Jakobs Mektige som løyser deg ut.
17 # 1,26 Eg kjem med gull i staden for bronse,
eg kjem med sølv i staden for jern,
bronse i staden for tre
og jern i staden for stein.
Eg lèt fred ha tilsyn med deg
og rettferd styra hos deg.
18 # 26,1 Ingen skal høyra meir om vald i ditt land,
om herjing og øydelegging
innanfor dine grenser.
Du skal kalla murane dine Frelse
og portane dine Lovsong.
19 # Op 21,23; 22,5 Sola skal ikkje meir vera ditt lys om dagen,
måneskinet skal ikkje lysa for deg,
men Herren skal vera ditt lys for evig,
din Gud skal vera din herlegdom.
20 # Op 21,4 Sola di skal ikkje meir gå ned,
månen din skal aldri minka.
For Herren skal vera ditt lys for evig.
Sørgjedagane dine er til ende.
21 # 57,13; 61,3; Matt 5,5; 2 Pet 3,13 I ditt folk skal alle vera rettferdige,
dei skal eiga landet til evig tid.
Dei er eit skot i min hage,
som hendene mine har laga til mi ære.
22Den minste skal bli til tusen,
den ringaste til eit mektig folkeslag.
Eg er Herren,
når tida er inne,
lèt eg det skje i hast.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk