Jesaja 6
N11NN
6
Herren kallar Jesaja til profet
1 # 2 Mos 24,10; 40,34; Op 4,2 I det året då kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ei høg og opphøgd trone, og kanten på kappa hans fylte tempelet. 2#2 Mos 3,6; 1 Kong 19,13; Jes 14,29#6,2 Serafar himmelske skapningar som tener Gud. Hebr. saraf tyder «å brenna». I 14,29 og 30,6 blir ordet nytta om flygande slangar. Jf. 4 Mos 21,6ff. Serafar stod andsynes han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to dekte dei andletet, med to dekte dei føtene, og med to flaug dei. 3#Sal 72,19; Hab 3,3; Op 4,8 Dei ropa til kvarandre:
«Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot.
Heile jorda er full av hans herlegdom.»
4 # 2 Mos 40,34; 1 Kong 8,10f; Esek 10,4; Op 15,8 # 6,4 boltane truleg boltar i vengedørene i tempelet, slike som ein kunne festa i dørstokkane. Jf. 1 Kong 6,33. Røysta som ropa, fekk boltane i dørtersklane til å rista, og huset vart fylt av røyk. 5#2 Mos 19,21; 33,20; Dom 6,22f; 13,22 Då sa eg:
«Ve meg! Det er ute med meg.
For eg er ein mann med ureine lepper,
og eg bur i eit folk med ureine lepper,
og auga mine har sett kongen,
Herren over hærskarane.»
6Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo som han hadde teke med ei tong frå altaret. 7#Jer 1,9; Dan 10,16ff; Sak 3,4 Med den rørte han ved munnen min og sa:
«Sjå, denne har rørt ved leppene dine.
Di skuld er borte, og di synd er sona.»
8Då høyrde eg Herrens røyst. Han sa:
«Kven skal eg senda,
og kven vil gå for oss?»
Eg sa: «Eg! Send meg!» 9#Esek 12,2; Matt 13,14; Mark 4,12; Luk 8,10; Joh 12,40; Apg 28,26; Rom 11,8 Han sa:
«Gå og sei til dette folket:
De skal høyra og høyra, men ikkje forstå,
sjå og sjå, men ikkje skjøna!
10 # 5 Mos 29,4; Jes 63,17; Jer 5,21; 6,10 Gjer hjartet til dette folket feitt,
gjer øyra tunge
og klin auga att,
så dei ikkje kan sjå med auga,
ikkje høyra med øyra,
ikkje forstå med hjartet
og ikkje venda om og bli lækte!»
11 # 5,9 Då sa eg: «Kor lenge, Herre?» Han sa:
«Til byane ligg aude utan folk
og husa er utan menneske
og landet ligg audt, ei øydemark.»
12 # 5 Mos 28,64 Og Herren skal senda menneska langt bort,
audt og forlate skal landet bli.
13 # 6,13 Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Er det enno att ein tiandedel,
skal den òg brennast opp
som når ei eik eller terebinte blir felt
og berre ein stubbe står att.
Den stubben er ei heilag ætt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk