Jesaja 56

56
Eit hus for bøn
1 # 45,8; 46,13; 62,1; Rom 13,11 Så seier Herren:
Ta vare på det som er rett,
gjer det som er rettferdig!
Mi frelse er nær, ho skal koma,
og mi rettferd, ho skal openberrast.
2 # 2 Mos 20,8+; Jes 58,13f Sæl er den som gjer dette,
kvart menneske som held fast ved det,
som held sabbaten og ikkje vanhelgar han,
og vaktar si hand så ho ikkje gjer noko vondt.
3 # 5 Mos 23,3; Jes 14,1; Apg 10,34ff Den framande som har slutta seg til Herren,
skal ikkje seia:
«Herren vil skilja meg ut frå sitt folk.»
Evnukken skal ikkje seia:
«Sjå, eg er eit tørt tre.»
4For så seier Herren:
Evnukkar som held mine sabbatar,
som vel å gjera det eg vil
og held fast ved mi pakt,
5 # Op 2,17; 3,5 dei gjev eg ei minnetavle og eit namn
i mitt hus og på mine murar.
Dette er betre enn søner og døtrer.
Eg gjev dei eit evig namn
som aldri skal slettast ut.
6 # Sal 25,10; 103,17f Og dei framande som har slutta seg til Herren,
som vil gjera teneste for han
og elska Herrens namn
og vera hans tenarar,
alle som held sabbaten
og ikkje vanhelgar han,
men held fast ved mi pakt,
7 # 1 Kong 8,43; Sal 2,6; 15,1ff; Jes 60,7; Jer 7,11; Esek 20,40; Matt 21,13; Mark 11,17 dei fører eg til mitt heilage fjell
og lèt dei gleda seg i mitt bønehus.
Brennoffer og slaktoffer frå dei
gjev velvilje på mitt altar.
For mitt hus skal kallast
eit bønehus for alle folk,
8 # Mi 4,6f; Sef 3,19f; Joh 10,16 seier Herren Gud,
som samlar Israels fordrivne.
Endå fleire vil eg samla
enn dei som alt er samla.
Israels leiarar er blinde
9Alle dyr på marka,
kom og et,
alle dyr i skogen!
10 # 56,10 Vaktmennene profetane. Jf. Esek 3,17. Vaktmennene er alle blinde, alle saman,
dei skjønar ikkje.
Alle er mållause hundar
som ikkje kan gøy.
Dei ligg og drøymer,
dei likar å sova.
11 # 53,6; Jer 6,12; 8,10 Dei er grådige hundar,
aldri blir dei mette.
Og dei skal vera gjetarar,
dei som ikkje skjønar!
Alle vender seg kvar sin veg,
kvar til si vinning.
12 # 5,11; 28,7ff «Kom, eg skal henta vin,
vi drikk oss fulle på det sterke!
Morgondagen skal bli som denne,
ein stor og herleg dag.»

Markert nå:

Jesaja 56: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring