Jesaja 53

53
1 # 52,10; Joh 1,5.11; 12,38; Rom 10,16 Kven trudde bodskapen vi fekk?
Kven vart Herrens arm openberra for?
2 # 11,1.10; 52,13f Han skaut opp som ei spire for hans andlet,
som ein renning av tørr jord.
Han hadde ingen herleg skapnad vi kunne sjå på,
ikkje ein utsjånad vi kunne gleda oss over.
3 # Sal 22,7; Jes 49,7; Mark 9,12; Joh 7,47f Han var forakta, forlaten av menneske,
ein mann av smerte, kjend med sjukdom,
ein dei løyner andletet for.
Han var forakta, vi rekna han ikkje for noko.
4 # Matt 8,17; Joh 1,29; 1 Pet 2,24 Sanneleg, våre sjukdomar tok han,
vår smerte bar han.
Vi tenkte: Han er ramma,
slegen av Gud og plaga.
5 # Rom 4,25; 2 Kor 5,21; Gal 3,13; Ef 2,14ff Men han vart såra for våre brot,
knust for våre synder.
Straffa låg på han, vi fekk fred,
ved hans sår vart vi lækte.
6 # Sal 119,176; Esek 34,5; 1 Pet 2,25 Vi gjekk oss alle vill som sauer,
kvar tok sin eigen veg,
men skulda vi alle hadde,
lét Herren ramma han.
7 # Matt 26,63; 27,14; Mark 14,61; Apg 8,32; 1 Pet 2,23 Han vart mishandla,
han vart plaga,
og han opna ikkje munnen,
lik eit lam som blir ført til slakting,
lik ein sau som teier når han blir klipt,
og han opna ikkje munnen.
8 # 1 Kor 15,3ff; Hebr 2,13ff Etter fengsel og dom vart han teken bort.
Men kven i hans tid tenkte på
at han vart utrydda frå landet til dei levande
fordi brota til folket mitt ramma han?
9 # Matt 27,38.57.60; Joh 8,46; 2 Kor 5,21; 1 Pet 2,22; 1 Joh 3,5 Då han var død, fekk han grav
blant urettferdige og hos ein rik,
endå han ikkje hadde brukt vald
og det ikkje fanst svik i hans munn.
10 # Joh 12,24; Rom 6,9f Det var Herrens vilje å knusa han med sjukdom.
Når hans liv er gjeve som skuldoffer,
skal han sjå etterkomarar og leva lenge.
Ved hans hand skal det lukkast, det Herren vil.
11 # Rom 3,26; 4,25; 5,19; 1 Pet 3,18 # 53,11 lys Ordet manglar i =masoretteksten, men finst både i den eldste =Qumran-teksten til Jesaja og i =Septuaginta. Etter si naud skal han sjå {{lys}},
han skal mettast ved si innsikt.
Min rettferdige tenar
skal gjera dei mange rettferdige,
han har bore deira skuld.
12 # Mark 15,28; Luk 22,37; 23,34; Joh 1,29; Hebr 9,28 Difor gjev eg han del med dei mange,
med dei mektige deler han bytte,
fordi han tømde ut sitt liv til døden
og vart rekna blant brotsmenn.
Han tok på seg synda til dei mange
og vart ramma i staden for brotsmenn.

Markert nå:

Jesaja 53: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring