Jesaja 52
N11NN
52
Herren kjem tilbake til Sion
1 # 51,9; Op 21,27 Vakna, vakna og kled deg i kraft, Sion!
Kled deg i finklede, Jerusalem, heilage by!
For aldri meir skal ein uomskoren eller urein
koma inn i deg.
2 # 49,9 Rist støvet av deg, reis deg opp,
set deg, Jerusalem!
Løys lenkjene du har om halsen,
dotter Sion i fangenskap!
3For så seier Herren:
De vart selde utan betaling,
og utan pengar skal de løysast ut.
4 # 1 Mos 46,6; Jes 10,24 For så seier Herren Gud:
Før i tida drog folket mitt ned til Egypt
for å bu der som innflyttarar.
Assur undertrykte dei utan grunn.
5 # 4 Mos 14,15f; Esek 36,23; Rom 2,24 Og no, kva skal eg gjera her?
seier Herren.
For folket mitt er teke utan vederlag.
Dei som herskar over det, hyler,
seier Herren,
og alltid, dagen lang, blir namnet mitt forakta.
6 # 5 Mos 32,39 Difor skal folket mitt kjenna namnet mitt
på den dagen,
for eg er Han,
han som seier: «Her er eg!»
7 # 57,19; Nah 2,1; Rom 10,15; 2 Kor 5,20 Kor vakre dei er
der dei spring over fjella,
føtene til den som ber bod,
forkynner fred,
kjem med god bodskap,
forkynner frelse
og seier til Sion:
«Din Gud er konge!»
8 # 62,6 Høyr, vaktmennene dine ropar høgt,
dei jublar alle saman.
For med eigne auge ser dei
at Herren vender attende til Sion.
9 # Sal 98,4; Jes 40,1 Bryt ut i jubel saman,
de Jerusalems ruinar!
For Herren trøystar folket sitt,
han løyser Jerusalem ut.
10 # Sal 98,1.3; Jes 53,1 # 52,10 arm bilete på styrke. Herren viser sin heilage arm
for auga på alle folkeslag.
Heile jorda får sjå
frelsa frå vår Gud.
Dra ut
11 # 48,20; 2 Kor 6,17 # 52,11 Herrens kar kanskje tempelutstyret som Nebukadnesar hadde ført bort til Babel. Jf. Esra 1,7. Dra bort, dra bort! Gå ut derifrå!
Rør ikkje noko ureint!
Gå ut frå henne, gjer dykk reine,
de som ber Herrens kar!
12 # 2 Mos 12,11; 5 Mos 16,3; Jes 58,8 For de skal ikkje gå ut i hast,
og ikkje skal de flykta.
For Herren går framfor dykk,
og bak dykk går Israels Gud.
Herrens lidande tenar
13 # Fil 2,9ff Sjå, min tenar skal ha framgang,
han skal opphøgjast og lyftast opp og bli svært høg.
14 # 49,7; 53,3; Joh 19,5 Slik mange vart forfærde over deg
– så øydelagd var han,
han likna ikkje ein mann,
han såg ikkje ut som eit menneske –
15 # Mi 7,16; Rom 15,21 slik skal mange folkeslag undrast,
for hans skuld skal kongar lata att sin munn.
For det som ikkje vart fortalt dei, skal dei sjå,
og det dei ikkje høyrde, skal dei skjøna.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk