Jesaja 51

51
Guds frelse skal vara evig
1 # Jes 48,1; Matt 5,6 Høyr på meg,
de som jagar etter rettferd,
de som søkjer Herren!
Sjå på berget de er hogne ut av,
på brønnen de er gravne ut av!
2 # 1 Mos 12,1ff; 17,5f; Jos 24,3; Rom 4,11 Sjå på Abraham, far dykkar,
og på Sara, som fødde dykk!
For han var berre éin då eg kalla han,
men eg velsigna han
og gjorde han til mange.
3 # 1 Mos 2,8; Jes 61,2f Herren trøystar Sion,
trøystar alle ruinane hennar.
Han gjer ørkenen hennar lik Eden,
øydemarka lik Herrens hage.
Jubel og glede skal vera i henne,
takkoffer med song og spel.
4Lytt til meg, mitt folk,
mitt folkeslag, vend øyret til meg!
For lov går ut frå meg,
brått gjer eg min rett til lys for folka.
5Mi rettferd er nær,
mi frelse bryt fram,
mine armar dømmer folka.
Fjerne kystar vonar på meg,
dei ventar på min arm.
6 # Sal 102,27; Jes 50,9; Luk 21,33 Lyft auga mot himmelen
og sjå på jorda her nede!
Himmelen løyser seg opp som røyk,
jorda skal slitast ut som eit klesplagg,
og dei som bur der, skal døy som lus.
Men mi frelse skal vara til evig tid,
mi rettferd skal aldri knusast.
7 # Sal 37,31; Matt 5,11 Høyr på meg,
de som kjenner rettferd,
du folk som har mi lov i hjartet!
Ver ikkje redd når menneske spottar,
mist ikkje motet når dei håner!
8 # 51,8 mott eit lite skadeinsekt. Det hebr. ordet finst berre her. For møll skal eta dei som klede,
mott skal eta dei som ull.
Men mi rettferd skal vara til evig tid,
mi frelse frå slekt til slekt.
Gud skal igjen trøysta Sion
9 # 2 Mos 14,14; Sal 74,13f; 89,11; Jes 27,1; 52,1; Esek 29,3ff # 51,9 Rahab >30,7. Vakna, vakna og kled deg i kraft,
du Herrens arm!
Vakna som i gamle dagar,
som i dei eldste tider!
Var det ikkje du som felte Rahab
og gjennombora sjøuhyret?
10 # 2 Mos 14,21ff; Sal 66,6 Var det ikkje du som tørka ut havet,
vatnet i det store djupet,
og gjorde havbotnen til ein veg
der dei som var løyste ut, kunne gå over?
11 # 35,10+ Dei som Herren har fria ut, skal venda attende.
Dei kjem til Sion med jubel,
med evig glede om panna.
Fryd og glede møter dei,
sorg og sukk må flykta.
12 # Sal 118,6; Jes 40,6; Matt 10,28; Hebr 13,6 Eg, eg er den som trøystar dykk.
Kven er du som fryktar
menneske som må døy,
menneskeborn som visnar lik gras.
13 # 44,24; Jer 2,32; Hos 8,14; 13,6 Du har gløymt Herren, som skapte deg,
han som spente ut himmelen
og grunnla jorda.
Alltid, heile dagen, fryktar du
vreiden til undertrykkjaren
når han prøver å øydeleggja deg.
Kvar er vreiden til undertrykkjaren?
14 # 33,16 Snart skal den som er i lenkjer, bli løyst,
han skal ikkje døy og gå i grav,
og ikkje skal han mangla brød.
15 # 54,5; Jer 10,16; 31,35; Am 4,13 Eg er Herren din Gud
som rører opp havet så bølgjene brusar.
Herren over hærskarane er hans namn.
16 # 49,2; 59,21; Jer 1,9; Joh 7,16 Eg har lagt mine ord i din munn
og løynt deg i skuggen av mi hand.
Eg har spent ut himmelen
og grunnlagt jorda
og sagt til Sion: «Du er mitt folk.»
Vakna, Jerusalem
17 # Sal 60,5; 75,9; Jer 25,15; Op 14,10 Vakna, vakna
og reis deg, Jerusalem,
du som måtte drikka
vreidebegeret frå Herrens hand,
tømma giftbegeret til botnar!
18Det var ingen til å leia henne
av alle dei borna ho fødde,
ingen til å ta henne i handa
av alle dei borna ho fostra.
19 # Jer 15,5 Vald og skade, svolt og sverd
– kven trøysta deg?
To og to har dei råka deg
– kven syntest synd på deg?
20 # Klag 2,19 Borna dine ligg hjelpelause
på alle gatehjørne
som antiloper i garnet,
fulle av Herrens vreide,
av trugsmålet frå din Gud.
21Difor, høyr dette, du som er plaga,
du som er drukken, men ikkje av vin!
22Så seier Herren, din herre og din Gud,
som fører saka for sitt folk:
Sjå, no tek eg ut av di hand
det begeret som fekk deg til å rava,
aldri meir skal du drikka den skåla att,
mitt vreidebeger.
23 # Sal 129,3 Eg rekkjer det til dei som plaga deg,
dei som sa til deg: «Legg deg ned!
Vi skal trakka på deg.»
Du måtte gjera ryggen til flat mark,
til ei gate å gå på.

Markert nå:

Jesaja 51: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring