Jesaja 5
N11NN
5
Songen om Herrens vingard
1 # Sal 80,9ff; Jer 2,21; Matt 21,33ff # 5,1 min kjære ven Likninga tek til som ei kjærleiksvise, der vingarden er bilete på den avhaldne, jf. Høgs 1,6. Eg vil syngja om min kjære ven,
ein song om min ven og vingarden hans.
Ein vingard hadde min kjære ven,
med den feitaste jord.
2Han hakka han opp,
og han plukka stein,
og han planta den finaste vin
og bygde eit vakttårn i midten,
også ei vinpresse hogg han ut.
Så venta han seg gode druer,
men beiske druer fekk han.
3Og no, de som bur i Jerusalem,
og de menneske i Juda:
Døm mellom meg og vingarden min!
4Kva meir kunne gjerast med vingarden min
enn det eg alt hadde gjort?
Kvifor venta eg meg gode druer
når druene eg fekk, var beiske?
5 # Sal 80,13 No skal eg seia dykk
kva eg vil gjera med vingarden min.
Eg tek bort gjerdet så han blir til beitemark,
eg riv ned muren så han kan trakkast ned.
6 # 7,23; Am 4,7 Eg skal gjera han til øydemark.
Han skal ikkje skjerast og tynnast meir,
men torn og tistel skal gro.
Og eg skal nekta skyene
å la regnet falla på han.
7 # Sal 80,9; Jes 3,14f; Jak 5,4 For vingarden til Herren over hærskarane,
det er Israels hus,
og menneska i Juda
er hans kjæraste hage.
Han venta rett, men sjå, det kom blod,
rettferd, men sjå, det kom skrik!
Verop over dei mektige
8 # Mi 2,2 Ve dei som legg hus til hus
og føyer åker til åker
heilt til det ikkje er plass att
og de er dei einaste
som er busette i landet!
9 # 6,11 I mine øyre lyder det frå Herren over hærskarane:
Sanneleg, mange hus skal bli aude,
store og gode, men utan folk.
10 # 5,10 ein bat 36,4 l. ein homer 364 l. ein efa svarar til ein bat, dvs. 36,4 l. For ein vingard det tek ti dagar å pløya,
gjev berre ein bat igjen,
og ein homer såkorn gjev ein efa.
11Ve dei som jagar etter sterk drikk
frå tidleg morgon av,
som sit til seint på kveld
og blir heite av vin.
12 # Sal 28,5; Am 6,5f Dei har lyre, harpe, handtromme, fløyte
og vin på festane sine,
men Herrens gjerning merkar dei ikkje,
dei ser ikkje kva hans hender har gjort.
13Difor skal folket mitt dra i eksil
før dei veit av det,
dei fremste skal svelta i hel
og folkemassen forgå av tørste.
14 # 4 Mos 16,30; Hab 2,5 Difor opnar dødsriket svelget
og sperrar opp munnen på vidt gap,
og ned fer dei, både dei fornemme og massen,
med sin larm og sin jubel.
15 # 2,9.11.17 Og mennesket er bøygd,
kvar mann er fornedra,
dei stolte må slå auga ned.
16 # Op 16,5 Men Herren over hærskarane
er opphøgd i dommen,
den heilage Gud
viser seg heilag ved rettferd.
17 # 7,25 Lam skal beita som i ei utmark,
og i rikfolks ruinar skal geiter eta.
18Ve dei som dreg skulda etter seg
med tau av løgn
og sleper på synd som med vognreip
19 # Jer 17,15; Mal 2,17 og seier:
«No må han skunda seg
å få gjort det han skal,
så vi får sjå det!
No må planen til Israels Heilage
snart gå i oppfylling,
så vi kan kjenna det!»
20 # Job 17,12; Am 5,7; 6,12 Ve dei som kallar det vonde godt
og det gode vondt,
dei som gjer mørker til lys og lys til mørker,
bittert til søtt og søtt til bittert!
21 # Ordt 3,7; Rom 12,16 Ve dei som er vise i eigne auge
og kloke i eigne tankar!
22Ve dei som er heltar til å drikka vin
og djerve karar til å blanda sterk drikk,
23 # Ordt 17,15; Esek 13,19 som frikjenner den skuldige for pengar
og tek retten frå den rettferdige!
24 # 47,14 Difor, slik eld fortærer halm
og høy søkk saman i flammane,
skal rota deira rotna bort,
blomen deira stiga opp som støv.
For dei har forkasta lova
til Herren over hærskarane
og forakta ordet frå Israels Heilage.
Herrens vreide
25 # 9,12.17.21; 10,4; Hab 3,6 Difor flamma Herrens vreide opp mot folket hans.
Han lyfte handa mot det
og slo det så fjella skalv
og lika låg som avfall midt i gatene.
Men med det har harmen hans ikkje lagt seg,
handa er framleis lyft.
26 # 7,18; 11,12; 18,3; Jer 5,15 # 5,26 eit folk langt borte assyrarane, som Herren vil bruka til å straffa det ulydige folket sitt. Jf. 10,5. Han lyfter banneret for eit folk langt borte
og plystrar det hit frå enden av jorda.
Og sjå, der kjem dei, raskt og lett.
27Det er ingen der som er trøytt eller snublar,
ingen blundar og ingen søv.
Beltet om livet losnar ikkje,
og inga sandalreim slitnar.
28Pilene er kvesste
og kvar boge spent,
hestehovane er som flint
og vognhjula som ein kvervelvind.
29Med eit løvebrøl kjem dei,
dei brøler som ei ung løve,
knurrar og grip etter byttet sitt,
ber det bort,
og ingen kan berga det.
30 # 8,22; 17,12ff Den dagen stig eit brøl,
som brølet frå havet.
Ser ein ut over jorda,
er det mørker og naud.
Lyset mørknar av tunge skyer.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk