Jesaja 45

45
Kyros, Herrens salva
1 # 45,1 den han har salva, Kyros persarkongen. Jf. 41,1ff; 41,25; 44,28; 45,13. løysa belte av kongar setja dei av. Så seier Herren
til den han har salva,
til Kyros,
som eg har gripe i høgre hand
for å tvinga folkeslag under han
og løysa belte av kongar
og opna dører for han,
og ingen port skal vera stengd.
2 # Sal 107,16; Jes 40,4 Eg vil gå framfor deg.
Fjell vil eg jamna ut,
bronsedører vil eg knusa,
og jernbommar vil eg hogga sund.
3Eg gjev deg skattar som er løynde i mørkret,
og rikdomar gøymde på løynlege stader,
for at du skal kjenna at eg er Herren,
som har kalla deg ved namn,
Israels Gud.
4 # 44,5 For min tenar Jakobs skuld,
for Israel, min utvalde,
kallar eg deg ved namn.
Eg gjev deg heidersnamn
endå du ikkje kjenner meg.
5 # 43,10+ Eg er Herren, ingen annan,
det finst ingen annan gud enn eg.
Eg spenner beltet om livet på deg,
endå du ikkje kjenner meg,
6 # 59,19; Mal 1,11 for at dei skal kjenna i aust og vest
at det ikkje er nokon annan enn eg.
Eg er Herren, ingen annan.
7 # 1 Mos 1,3; Jes 31,2; Am 3,6; Mi 1,12 Eg formar lys og skaper mørker,
eg stiftar fred og skaper ulukke.
Eg, Herren, gjer alt dette.
8 # Sal 85,12; Jes 61,11; Hos 10,12 Lat det drypa ovanfrå, du himmel!
Rettferd skal strøyma frå skyene.
Jorda skal opna seg,
gje frelse som frukt
og la rettferd spira.
Eg, Herren, skaper dette.
Kven kan dømma om Herrens verk?
9 # Jer 18,6; Dan 4,35; Rom 9,20f Ve den som fører sak mot sin skapar,
eit potteskar blant potteskar av jord!
Kan leira seia til han som formar henne:
«Kva gjer du?»
Kan noko du har laga, seia:
«Han har ikkje hender»?
10Ve den som seier til ein far:
«Kva er det for born du får?»
og til ei kvinne: «Kva er det du føder?»
11Så seier Herren, Israels Heilage,
som forma det:
Spør meg om det som skal koma!
Skal de bestemma over mine born,
over det hendene mine har laga?
12 # 40,22+; Jer 10,12 Eg laga jorda
og skapte menneske på henne.
Eg, hendene mine, spente himmelen ut,
og til heile hans hær gav eg ordre.
13 # 45,13 vekt opp ein mann Kyros. >v. 1. Eg har vekt opp ein mann i rettferd,
og alle hans vegar jamnar eg ut.
Han skal byggja byen min
og senda folket mitt heim frå eksil
utan betaling eller løn,
seier Herren over hærskarane.
Gud som løyner seg
14 # 43,3; 44,6.8; 45,5 # 45,14 Rikdom frå Egypt … frå Seba. >43,3. Så seier Herren:
Rikdom frå Egypt,
velstand frå Kusj
og høgvaksne menn frå Seba
skal gå over til deg og bli dine.
Dei skal følgja etter deg i lenkjer,
kasta seg ned for deg
og hylla deg:
«Berre hos deg er Gud,
det er ingen annan,
ingen annan gud.»
15 # 8,17; Rom 11,33ff Sanneleg,
du er ein Gud som løyner seg,
Israels Gud og frelsar.
16Til skamme og til spott blir alle
handverkarane som lagar gudebilete,
saman går dei bort med vanære.
17Men Israel blir frelst ved Herren
med ei evig frelse.
Evig og aldri skal de bli
til skamme og til spott.
Kvart kne skal bøya seg for Herren
18 # 1 Mos 1,1; Jes 44,24; Apg 17,24ff For så seier Herren, som skapte himmelen,
han som er Gud,
som forma jorda og laga henne,
han som grunnla henne
og ikkje skapte henne tom,
men forma henne til å bu på:
Eg er Herren, ingen annan.
19 # 48,16; Joh 18,20 Eg har ikkje tala i det løynde,
ein stad i det mørke landet.
Eg har ikkje sagt til Jakobs ætt:
«Søk meg i det tomme!»
Eg, Herren, talar rettferd
og fortel kva som er rett.
20 # 5 Mos 32,37f; Jer 2,28; 11,12 Samla dykk og kom,
kom nærare, alle saman,
de som har sloppe unna folkeslaga.
Dei skjønar ingen ting,
dei som ber på gudebilete av tre
og bed til ein gud som ikkje kan frelsa.
21Gjer det kjent og legg det fram,
berre hald råd saman!
Kven har kunngjort dette på førehand,
kven har fortalt det frå før?
Er det ikkje eg, Herren?
Det finst ingen annan gud enn eg,
ingen annan rettferdig og frelsande Gud.
22 # Sal 22,28; Jes 49,6; Sak 2,15 Vend dykk til meg og bli frelste,
alle endane av jorda!
For eg er Gud, og ingen annan.
23 # 55,11; Sef 3,9; Rom 14,11; Fil 2,10ff; Hebr 6,13 Ved meg sjølv har eg svore,
rettferd har gått ut frå min munn,
eit ord som ikkje vender attende:
For meg skal kvart kne bøya seg,
kvar tunge skal sverja ved meg.
24Om meg skal dei seia:
«Berre hos Herren er rettferd og styrke.»
Til han skal dei koma i skam,
alle som var harme på han.
25Ved Herren skal dei få rett og vera stolte,
heile Israels ætt.

Markert nå:

Jesaja 45: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring