Jesaja 36
N11NN

Jesaja 36

36
Sanherib i hærferd mot Juda
1 # 2 Kong 18,13ff; 2 Krøn 32,1ff # 36,1 Kap. 36–39 svarar langt på veg til 2 Kong 18,13–20,19. Det var i det fjortande året Hiskia var konge, at Sanherib, kongen av Assur, drog opp mot alle festningsbyane i Juda og tok dei. 2#7,3 Assyrarkongen sende ein kommandant med ein stor hær frå Lakisj mot kong Hiskia i Jerusalem. Han stilte seg opp ved vassleidningen frå Øvredammen, ved vegen til vaskeplassen.
3 # 22,15ff.20 Då gjekk borgherren Eljakim, son til Hilkia, ut til han saman med riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joah, son til Asaf. 4Kommandanten ropa til dei: Sei til Hiskia: Så seier storkongen, kongen av Assur: Kva er det du lit på, sidan du kjenner deg så trygg? 5Meiner du verkeleg at tomme ord er råd og styrke i krig? Kven er det du set di lit til, sidan du har gjort opprør mot meg? 6#Esek 29,6f Du set di lit til Egypt, den brotne røyrstaven! Om nokon støttar seg på den, trengjer han inn i handa hans og gjennomborar henne. Slik er farao, kongen i Egypt, mot alle som lit på han. 7Men om du svarar meg: «Det er Herren vår Gud vi set vår lit til», då spør eg deg: Var det ikkje hans offerhaugar og altar Hiskia tok bort då han sa til folket i Juda og Jerusalem: «Berre framfor dette altaret skal de bøya dykk og tilbe»? 8Gjer no eit veddemål med herren min, kongen av Assur: Eg gjev deg to tusen hestar om du kan finna ryttarar til dei. 9Korleis kan du då driva tilbake ein einaste statthaldar, ein av dei ringaste tenarane åt herren min, du som set di lit til vogner og ryttarar frå Egypt? 10Trur du at eg har drege opp mot dette landet for å øydeleggja det mot Herrens vilje? Herren sjølv sa til meg: Dra opp mot dette landet og øydelegg det!
11Då sa Eljakim, Sjebna og Joah til kommandanten: «Snakk til tenarane dine på arameisk, for vi skjønar det. Snakk ikkje judeisk til oss så folket på muren høyrer det!» 12Men kommandanten svara: «Trur du herren min har sendt meg for å seia dette berre til herren din og til deg? Nei, det er like mykje til mennene som sit på muren, dei som snart må eta sin eigen skit og drikka sitt eige piss, liksom de.»
13Og kommandanten vart ståande og ropa med høg røyst på judeisk: Høyr kva storkongen, kongen av Assur, seier! 14Så seier kongen: Lat ikkje Hiskia lura dykk! For han er ikkje i stand til å berga dykk. 15Lat ikkje Hiskia få dykk til å lita på Herren når han seier: «Herren vil nok berga oss. Denne byen skal ikkje gjevast i hendene på assyrarkongen.» 16#1 Kong 4,25 Høyr ikkje på Hiskia! For så seier kongen av Assur: Slutt fred med meg og gjev dykk over til meg! Så skal de få eta, kvar av sin vinstokk og sitt fikentre, og drikka vatn, kvar av sin brønn, 17til dess eg kjem og tek dykk med til eit land som er likt dykkar eige, eit land med korn og ny vin, eit land med brød og vingardar. 18#10,9ff; 37,12 Lat ikkje Hiskia villeia dykk og seia: «Herren vil berga oss!» Har kanskje gudane til andre folk berga sine land frå handa til assyrarkongen? 19#2 Kong 18,34; Jes 37,13 Kvar er gudane til Hamat og Arpad? Kvar er gudane til Sefarvajim? Har dei berga Samaria ut or mi hand? 20Kven er det av gudane i alle desse landa som har berga landet sitt ut or mi hand? Og så skulle Herren kunna berga Jerusalem!
21Dei tagde og svara ikkje eit ord. For det var ordre frå kongen at dei ikkje skulle svara han. 22Så kom borgherren Eljakim, son til Hilkia, riksskrivaren Sjebna og kanslaren Joah, son til Asaf, med sundrivne klede til Hiskia og melde kva hærføraren hadde sagt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.