Jesaja 33

33
Jerusalems naud og frelse
1 # Jer 30,16; Hab 2,8 Ve deg som herjar,
men ikkje sjølv er herja,
ve deg som svik
utan å vera sviken!
Når du har herja frå deg,
skal du herjast,
når du har svike ferdig,
skal dei svika deg.
2 # Dan 9,19 Ver oss nådig, Herre,
til deg set vi vår von!
Ver vår styrke morgon etter morgon,
vår frelse når vi er i naud!
3 # 4 Mos 10,35; Sal 68,2 For den veldige larmen flyktar folka,
når du reiser deg, blir folkeslag spreidde.
4Dei sankar bytte hos dykk
som gnagande grashopper,
dei stormar fram i sverm.
5 # Sal 113,5; 138,6; Jes 57,15 Opphøgd er Herren, han bur i det høge.
Han fyller Sion med rett og rettferd.
6Då skal trygge tider koma til deg,
rikdom av frelse, visdom og kunnskap,
frykt for Herren, det er hans skatt.
7 # 33,7 Ariel >29,1. Sjå, folket i Ariel klagar på gata,
dei som tinga om fred, græt bittert.
8 # Dom 5,6 Vegane ligg aude,
ingen ferdast meir på stigane.
Pakta blir broten, vitne forakta,
eit menneske blir ikkje rekna for noko.
9 # Nah 1,4 Landet sørgjer og tørkar ut,
Libanon visnar av skam,
Saron er som ei øydemark,
Basan og Karmel mistar lauvet.
10No vil eg reisa meg, seier Herren,
no vil eg stå opp,
no vil eg stiga fram.
11De avlar høy
og føder halm,
pusten dykkar er ein eld
som fortærer dykk.
12Folka blir brende til kalk,
sette fyr på som nedhogge tornekratt.
13Høyr kva eg vil gjera,
de som er langt borte,
kjenn min styrke,
de som er nær!
14 # 5 Mos 4,24; Jes 30,27ff; Hebr 12,29 # 33,14 ein fortærande eld når Herren kjem til dom. Jf. 30,27. Syndarane på Sion er slegne av redsle,
angst grip dei ugudelege:
«Kven av oss kan bu ved ein fortærande eld,
kven av oss kan bu ved evige flammar?»
15 # Sal 15,2ff; 24,3ff; Matt 5,6ff «Den som går rettferdig fram,
talar det som er rett,
foraktar forteneste av utpressing,
vinkar stikkpengar bort,
lèt att øyra for rykte om drap
og lèt att auga for det som er vondt,
16 # Sal 23,1f han får bu på høge stader
og får vern av fjellborger,
han får sitt brød og har alltid vatn.»
17 # 33,17 kongen den messianske kongen eller Herren sjølv, jf. v. 22. Auga dine skal få sjå
kor vakker kongen er,
dei skal få sjå eit vidstrekt land.
18I redsle skal hjartet ditt tenkja:
Kvar er han som talde?
Kvar er han som vog?
Kvar er han som talde tårna?
19 # 5 Mos 28,49; Jer 5,15 Du kan ikkje sjå det frekke folket,
folket med eit vanskeleg språk
som ingen skjønar,
med stammande tunge
som ingen forstår.
20 # Sal 48,13ff; 122,3ff; Jes 32,18 Sjå på Sion,
vår høgtidsby!
Auga dine skal sjå Jerusalem,
ein trygg buplass,
eit telt som ikkje skal flyttast,
med pluggar som aldri skal rykkjast opp,
og snorer som ikkje skal slitast av.
21For der er Herren, den mektige, med oss,
ein stad med breie elvar og straumar.
Men der skal ingen båt bli rodd
og inga mektig skute segla.
22For Herren er vår dommar,
Herren er vår lovgjevar,
Herren er vår konge,
han skal frelsa oss.
23Taua dine er slakke,
dei held ikkje stonga på plass
og faldar ikkje ut banneret.
Stort er det byttet som då blir fordelt,
sjølv lamme ranar og røvar.
24 # Mi 7,18f; Sak 12,8 Ingen innbyggjar skal seia: «Eg er sjuk.»
Folket som bur der, har fått syndene sine tilgjevne.

Markert nå:

Jesaja 33: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring