Jesaja 31

31
Guds makt og menneskemakt
1 # Sal 20,8; Jes 18,1f; 30,2; Hos 1,7 Ve dei som dreg ned til Egypt etter hjelp!
Dei støttar seg til hestar,
dei stolar på vogner fordi dei er mange,
og på ryttarar fordi dei er talrike.
Men dei vender seg ikkje til Israels Heilage,
dei søkjer ikkje Herren.
2 # 45,7; Am 3,6 Men han òg er vis.
Han lèt ulukka koma,
sine ord tek han ikkje attende.
Han reiser seg mot huset til dei vonde
og mot ugjerningsmenn
som kjem til hjelp.
3 # Sal 33,17; 146,3ff; Jes 18,2 Egyptarane er menneske, ikkje gudar,
hestane er kjøt, ikkje ånd.
Herren strekkjer ut handa.
Då snublar den som hjelper,
då fell den hjelpte,
dei skal gå til grunne alle saman.
4For så har Herren sagt til meg:
Slik løva og ungløva
knurrar over sitt bytte
og ikkje blir skremde av rop
eller dukkar seg for ståk
når ein stor flokk gjetarar
samlar seg mot dei,
slik skal Herren over hærskarane
stiga ned og strida
mot Sions fjell og høgd.
5 # 5 Mos 32,11; Sal 91,4; Matt 23,37 # 31,5 gå forbi >2 Mos 12,13. Lik flygande fuglar
skal Herren over hærskarane
forsvara Jerusalem,
forsvara og berga,
gå forbi og fria ut.
6 # Jer 3,12; Esek 14,6 Vend om til han
som israelittane har falle frå
så djupt!
7 # 2,20+ Den dagen skal alle forkasta
avgudane i sølv
og avgudane i gull
som hendene dykkar har laga
til synd.
8 # 37,36ff Assur skal falla, men ikkje for sverdet til ein mann,
han skal fellast, men ikkje av menneskesverd.
Han skal flykta for sverdet,
hans unge menn
må gjera tvangsarbeid.
9 # 31,9 Hans berg Assur, hovudguden til assyrarane, vart òg kalla «det store berget». Jf. 5 Mos 32,31. Hans berg skal dra bort i redsle,
hans fyrstar skremmast bort frå banneret,
seier Herren,
han som har ein eld i Sion
og ein omn i Jerusalem.

Markert nå:

Jesaja 31: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring