Jesaja 30
N11NN
30
Egypt kan ikkje gje vern
1 # 1,2.5 Ve dei trassige borna!
seier Herren.
Dei gjennomfører planar som ikkje er frå meg,
og sluttar forbund som ikkje er i mi ånd.
Slik legg dei synd til synd.
2 # 31,1+ # 30,2 til Egypt Kong Hiskia sende folk til farao. Dei skulle be om hjelp mot assyrarane. Jf. Jes 18,1f. Dei dreg ned til Egypt
for å søkja vern hos farao
og finna livd i skuggen av Egypt,
men dei spør ikkje meg om råd.
3 # 20,5; 36,6 Men faraos vern skal bli til skam for dykk,
livd i skuggen av Egypt skal bli til vanære.
4 # 30,4 Soan >4 Mos 13,22. Hanes Herakleopolis, egyptisk by sør for Memfis. For stormennene er i Soan,
og sendemennene har nådd fram til Hanes,
5men dei blir alle til skamme
hos eit folk som ikkje kan hjelpa dei,
som korkje er til hjelp eller nytte,
men berre til skam og vanære.
6 # 14,29 Bodskap om dyra i Negev.
Gjennom eit land med naud og trengsle,
løver og løvinner,
hoggorm og flygande serafslangar
fører dei sin rikdom på eselrygg,
sine skattar på kamelpuklar
til eit folk som ikkje kan hjelpa.
7 # 36,6 # 30,7 Rahab I GT er Rahab eit symbolnamn for Egypt, men Rahab er òg brukt om eit urtidsmonster. Jf. Job 9,13; Sal 87,4; 89,11; Jes 51,9. =havet. Egypt er forgjengeleg,
hjelpa er fåfengd.
Difor kallar eg landet
«Rahab gjord roleg».
8 # 8,1 Gå no og skriv dette
på ei tavle for dei,
skriv det inn i ein bokrull
så det for komande dagar
kan vera eit vitnemål
til evig tid.
Urett fører til fall
9For dette er eit trassig folk,
born som lyg,
born som ikkje vil lyda Herrens lov.
10 # 1 Kong 22,8ff; Am 2,12; Mi 2,6 Dei seier til sjåarane: «Ikkje sjå!»
og til profetane: «Ikkje kom til oss
med syn om det som er rett!
Sei oss glatte ord,
kom til oss med illusjonar.
11Vik av frå vegen, bøy av frå stigen,
lat oss vera i fred for Israels Heilage.»
12 # Sal 62,11; Jes 47,10 Difor seier Israels Heilage:
De forkasta dette ordet,
sette lit til vald og svik
og støtta dykk til slikt.
13Difor blir dykkar skuld
lik ein sprekk som utvidar seg i ein høg mur,
til muren brått, på ein augneblink,
fell saman og blir knust.
14 # Jer 19,10f Han blir knust
slik eit leirkar blir slege sund
og ikkje teke vare på.
Blant bitane finst det ikkje eitt skar
som kan brukast til å henta glør frå eldstaden
eller til å ausa vatn frå brønnen.
I stille og tillit
15 # Sal 37,7; Jes 18,4; Jer 6,16; Matt 23,37 For så seier Herren Gud, Israels Heilage:
«Vender de om
og held dykk i ro,
skal de bli frelste.
I stille og tillit skal dykkar styrke vera.»
Men de ville ikkje.
16 # 31,1.3 De sa: «Nei, vi rømmer til hest!»
Jammen skal de rømma!
«Vi rid på raske hestar!»
Dei som forfølgjer, er raskare!
17 # 5 Mos 32,30 Tusen skal flykta når éin mann trugar,
for trugsmål frå fem skal de rømma
til det ikkje er anna att av dykk
enn ei stong på ein fjelltopp,
eit banner på ein haug.
18 # Sal 2,12; 34,9; 40,5 Og difor lengtar Herren
etter å visa dykk nåde,
difor reiser han seg
for å visa dykk miskunn.
For Herren er rettens Gud.
Sæle er alle som ventar på han!
Dette er vegen
19 # 58,9; 65,24 Du folk på Sion, du som bur i Jerusalem, gråt ikkje meir! Når du ropar, vil han vera deg nådig. Når han høyrer, vil han svara deg. 20Herren gjev dykk naudbrød og trengselsvatn. Men læraren din skal ikkje lenger løyna seg. Auga dine skal sjå læraren, 21#5 Mos 5,32; 28,14; Jos 1,7; Ordt 4,27; Jer 6,16 og øyra dine skal høyra dette ordet bak deg: «Dette er vegen, gå på den!» når du vil til høgre eller til venstre. 22#1 Mos 35,2; Jos 24,23; 1 Sam 7,3; Jes 2,20; 27,9 Då skal de halda for ureine dei sølvkledde gudebileta du har, og gullplatene på dei støypte bileta. Du skal slengja dei bort som ureine filler. «Skit!» skal du seia.
23 # Sal 65,9ff; Jer 5,24 Då skal han gje regn til kornet du sår i åkeren, og brød av grøda som åkeren ber, og det skal vera rikeleg og raust. Den dagen skal buskapen din få beita på vide marker. 24Oksane og esla som arbeider på åkeren, får eta surt fôr som blir kasta til dei med skyffel og greip. 25#41,18; Esek 39,4.17 På alle høge fjell og alle store haugar skal det vera bekker og rennande vatn på den store drapsdagen når tårna fell. 26Månen skal lysa som sola, og sollyset skal bli sju gonger så sterkt, lik lyset for sju dagar, den dagen Herren forbind sitt knuste folk og lækjer såret etter slaga.
Assur fell
27 # 2 Mos 24,17; 5 Mos 9,3; 2 Sam 22,9; Hebr 12,29 Sjå, Herrens namn kjem frå det fjerne.
Hans vreide er brennande,
børa hans tung,
leppene fulle av harme,
tunga som fortærande eld.
28Pusten hans er lik ei fløymande elv
som rekk til halsen.
Han legg eit åk av løgn på folkeslaga,
eit beksel som fører vill, i munnen på folka.
29 # 2 Mos 12,42; Sal 42,5; 81 # 30,29 Israels berg Herren. Då skal det vera song hos dykk
som i ei natt då ein helgar seg til fest,
og hjartet skal gleda seg
lik ein som kjem med fløytespel
til Herrens fjell, til Israels berg.
30 # 2 Mos 9,23; Jos 10,11; Jes 29,6 Herren lèt si veldige røyst lyda
og viser sin arm som slår
med brennande vreide og fortærande eld,
med storm og styrtregn og haglsteinar.
31 # 10,24 Ja, Assur blir teken av redsle
for Herrens røyst
når han slår med staven.
32Og til kvar omgang Herren gjev
når han svingar sin straffande stokk over han,
er det spel av tromme og lyre.
I striden svingar han armen sin
og fører kampen mot han.
33 # 30,33 ein eldstad hebr. tofet. >2 Kong 23,10. Ja, ein eldstad er alt laga til,
og han er tiltenkt kongen.
Bålet er gjort høgt og vidt
med eld og ved i mengd.
Og som ein svovelstraum skal Herrens pust
setja det i brann.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk