Jesaja 3
N11NN
3
Lovløyse i Juda
1 # Esek 4,16; 5,16; 14,13 Sjå, Herren, allhærs Herre,
tek bort frå Jerusalem og Juda
støtte og stav:
kvar støtte av brød og kvar støtte av vatn,
2kvar krigar og stridsmann,
dommar, profet, spåmann og eldste,
3femtimannsføraren og den fornemme mannen,
rådgjevaren, trollmannen
og den dyktige åndemanaren.
4 # Fork 10,16f Så gjev eg dei gutar til leiarar,
villstyringar skal herska over dei.
5Folket blir undertrykt,
mann av mann og granne av granne,
guten set seg opp mot den gamle,
den låge mot den høge.
6Når ein mann tek tak i ein annan i farshuset sitt og seier:
«Du har ei kappe, du skal vera hovding for oss,
di hand skal rå over denne ruinhaugen»,
7då skal den andre ta til ords og seia:
«Eg kan ikkje forbinda sår,
og i huset mitt finst korkje brød eller klede.
Set ikkje meg til hovding over folket!»
8 # Apg 7,51 For Jerusalem har snubla, og Juda har falle,
for med ord og gjerningar står dei Herren imot,
og dei set seg opp mot hans herlegdom.
9 # 1 Mos 19,5; Jer 2,17; 25,7; Hos 13,9; Fil 3,19 # 3,9 Sodoma >1,10. Andleta deira vitnar imot dei.
Som Sodoma kunngjer dei si synd
og løyner henne ikkje.
Ve dei! Dei fører ulukke over seg sjølve.
10 # Sal 1; 37,37ff; 58,12 Sæl er den rettferdige,
for det går han godt,
og han skal nyta frukta av sine gjerningar.
11 # Sal 1; 62,13; Ordt 1,31ff; Rom 2,6ff Ve den urettferdige, han går det ille,
han får att for det han har gjort.
12 # 9,16; Jer 50,6 Folket mitt blir undertrykt av småborn,
og kvinner herskar over det.
Mitt folk, leiarane dine villeier deg
og fører deg på villspor.
Herren held rettargang
13 # Sal 9,9; 98,9; Hos 4,1 Herren stig fram for å føra sak,
han står opp for å dømma folka.
14 # 3,14 vingarden bilete på Israels folk. Jf. 5,1ff. Herren held rettargang
med dei eldste og stormennene i folket sitt.
«Det er de som har beitt vingarden snau,
det er rov frå dei fattige i husa dykkar!
15Kvifor knuser de mitt folk
og mel sund andleta til dei hjelpelause?»
seier Herren, allhærs Gud.
Dom over Sions døtrer
16 Herren har sagt:
Fordi Sions døtrer er stolte
og går med kneisande nakke,
blunkar med auga,
trippar omkring
og ringlar med fotringane sine,
17vil Herren la Sions døtrer
få hovudet fullt av skurv,
og Herren vil snaua skallane deira.
18 # Dom 8,21 Den dagen skal Herren ta frå dei all stas: fotringane, solsmykka og halvmånane, 19øyredobbane, armbanda og sløra, 20turbanane, fotkjedene og belta, amulettane og talismanane, 21fingerringane og naseringane, 22festkleda, kåpene, sjala og veskene, 23#2 Mos 38,8 speglane, linskjortene, hovudplagga og skjerfa.
24 # Am 8,10 Då blir det stank i staden for godlukt,
reip i staden for belte,
fleinskalle i staden for frisyre,
sekkestrie i staden for stasklede,
svimerke i staden for venleik.
25 # Jer 14,2 Mennene dine skal falla for sverd,
hæren skal falla i krig.
26Sions portar skal sørgja og klaga,
ho sit forlaten på jorda.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk