Jesaja 29
N11NN
29
Trengsle for Jerusalem
1 # 33,7 # 29,1 Ariel poetisk namn på Jerusalem eller ein del av byen. Tydinga er usikker, kanskje «offereldstad», jf. v. 2 og Esek 43,15f. Ei anna mogleg omsetjing er «Guds løve», jf. 4 Mos 23,24; 1 Kong 10,20; 1 Krøn 11,22; Sal 22,14.17. Ve Ariel, Ariel,
byen som David kringsette!
Legg år til år,
lat høgtider koma og gå!
2Eg gjer det trongt for Ariel,
det skal bli sorg og sut,
då skal byen bli eit Ariel for meg.
3 # Luk 19,43 Eg skal kringsetja deg som David,
omringa deg med vollar
og reisa skansar imot deg.
4Då blir du bøygd
og må tala frå jorda,
nede frå støvet kjem ditt ord,
som gjenferd frå jorda er di røyst,
og frå støvet kviskrar du ditt ord.
5Dei mange frekke skal bli som fint støv,
dei mange valdsmenn som fykande agner.
Brått, på ein augneblink,
6 # 30,30 kjem straffa frå Herren over hærskarane,
med tore og jordskjelv og tunge drønn,
med vindkast og storm
og fortærande logar av eld.
7Som ein draum, eit syn om natta,
skal dei mange folkeslaga vera
som kjempar mot Ariel,
alle som kjempar mot byen og borga
og gjer det trongt for han.
8Det blir som når den svoltne drøymer,
og sjå, der er mat!
og han vaknar og er like svolten,
som når den tørste drøymer,
og sjå, der er drikke!
og han vaknar, utsliten og tørst.
Slik skal det gå med dei mange folkeslaga
som kjempar mot Sion-fjellet.
Eit synkvervt folk
9Forvirr dykk sjølve og ver forvirra,
klin auga att og ver blinde!
Ver fulle, men ikkje av vin,
sjangla, men ikkje av sterk drikk!
10 # 1 Sam 9,9 For Herren har aust over dykk
ei ånd som gjev djup søvn.
Han har late att auga dykkar – profetane,
og dekt til hovuda dykkar – sjåarane.
11For dykk har kvart syn vorte som orda i ei forsegla bok. Gjev dei henne til ein som skjønar skrift, og seier «les dette!» så svarar han: «Eg kan ikkje, ho er forsegla.» 12Og gjev dei boka til ein som ikkje skjønar skrift, og seier «les dette!» så svarar han: «Eg skjønar ikkje skrift.»
13 # Sal 78,36f; Matt 15,8f; Mark 7,6ff Herren sa: Dette folket
kjem nær meg med munnen
og ærar meg med leppene,
men hjartet er langt borte frå meg,
og den frykt dei har for meg,
er eit tillært menneskebod.
14 # 44,25; Ob 8; 1 Kor 1,19ff Difor vil eg framleis forundra dette folket
på underleg og underfullt vis.
Då skal visdomen til deira vise forgå,
og klokskapen til deira kloke skal løyna seg.
Pottemakaren og leira
15 # Job 24,15ff; Sal 10,4; 94,7; Esek 8,12 Ve dei som søkjer ned i djupet,
bort frå Herren, for å løyna sin plan!
I mørkret skjer gjerningane deira.
Dei seier: «Kven ser oss? Kven veit om oss?»
16 # 45,9; Jer 18,6 De snur det opp ned!
Skal ikkje pottemakaren
setjast høgare enn leira?
Kan verket seia om handverkaren:
«Han har ikkje laga meg»,
og karet om pottemakaren:
«Han skjønar ingenting»?
Guds namn skal helgast
17 # 32,15+ Om berre ei lita stund
skal Libanon bli ein frukthage,
og ein frukthage skal reknast som skog.
18 # 35,5 Den dagen skal dei døve høyra skrivne ord,
og sjølv i skumring og mørker skal blinde auge sjå.
19Igjen skal dei hjelpelause
gleda seg i Herren,
dei fattigaste blant menneska skal jubla
over Israels Heilage.
20For det er ute med valdsmannen,
borte er spottaren,
utrydda er alle vondskapens vaktarar,
21 # Am 5,10 # 29,21 byporten var ein møtestad for samråd og rettsforhandlingar. Jf. Rut 4,1ff. dei som med sitt ord dømde folk skuldige,
la snarer for den som hevda retten i byporten,
og med tomme ord dreiv rettferdige bort.
22Difor, så seier Herren til Jakobs hus,
han som fria ut Abraham:
No skal ikkje Jakob bli til skamme,
no skal ikkje andletet hans bleikna meir.
23 # 8,13 For når han og borna hans ser
det mine hender har gjort iblant dei,
då skal dei helga mitt namn,
dei skal helga han som er Jakobs Heilage,
og skjelva for Israels Gud.
24Dei som går seg vill i ånda,
skal få innsikt,
og dei som murrar,
skal få lærdom.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk