Jesaja 27
N11NN

Jesaja 27

27
1 # Sal 74,14; Jes 51,9; Op 12,9 # 27,1 Leviatan stort sjødyr, ofte gudfiendtleg makt. Jf. Job 40,20ff; Sal 74,14. =havet. Den dagen skal Herren straffa
med sitt harde og store og sterke sverd
den flyktande slangen Leviatan,
den buktande slangen Leviatan.
Han skal drepa uhyret i havet.
Herren vaktar vingarden sin
2 # 5,1ff Den dagen skal dei seia:
Syng om den herlege vingarden!
3Eg, Herren, vaktar han
og vatnar han til alle tider.
Eg vaktar han dag og natt
så ingen skal skada han.
4 # 10,17 Harm er eg ikkje,
men om han gjev meg torn og tistel,
vil eg gå til strid
og brenna opp alt saman,
5om han ikkje søkjer vern hos meg
og sluttar fred,
ja, sluttar fred med meg.
Herren skal samla folket sitt
6 # 37,31; Hos 14,7 I dagar som kjem, skal Jakob slå rot,
Israel skal veksa og bløma
og fylla jorda med grøde.
7Har han slege dei
slik han slo han som slo dei?
Eller vart dei drepne
slik dei som drap dei, vart drepne?
8 # Jer 10,24; 46,28 Ved å skremma dei opp og jaga dei bort
gjekk du i rette med dei.
Han dreiv dei bort med sin sterke storm
på austavindsdagen.
9 # 2,20+ Slik skal Jakobs skuld sonast,
dette er fruktene av at synda hans blir teken bort:
Kvar altarstein skal bli knust som kalkstein.
Asjera-pålane og røykjelsesaltara
skal ikkje bli ståande.
10Einsam er festningsbyen,
ein folketom buplass, forlaten som ein ørken.
Der beiter kalven,
han legg seg og et opp kvar kvist.
11Når greinene tørkar, blir dei knekte.
Kvinner kjem og tenner opp med dei.
Dette er ikkje eit folk med forstand.
Han som laga det, vil ikkje ha medkjensle,
han som forma det, vil ikkje vera nådig.
12På den dagen skal Herren slå korn ut av aksa
frå Storelva til Egyptarbekken,
og de israelittar skal samlast inn ein og ein.
13 # 11,11ff; 18,3.7; Hos 11,11 Den dagen skal dei blåsa i eit stort horn.
Og dei bortkomne i Assur
og dei som er spreidde omkring i Egypt,
skal koma og tilbe Herren
på det heilage fjellet i Jerusalem.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.