Jesaja 23
N11NN

Jesaja 23

23
Tyros og Sidon
1 # Jer 47,4; Esek 26,2ff; 27,2ff; 28,2ff; Am 1,9ff; Sak 9,2ff # 23,1 Tarsis-skip >2,16. kittearlandet viser kanskje til øyar i Det joniske havet. Bodskap om Tyros.
Klag, de Tarsis-skip!
Alt utsletta, husa borte!
Då dei kom frå kittearlandet,
fekk dei sjå det.
2Ver stille, de som bur ved kysten,
de kjøpmenn frå Sidon!
Sendeboda dine drog over havet,
3 # 23,3 Sjihor her Nilen. over dei veldige vatna.
Sjihors såkorn
og Nilens kornhaust
gav byen inntekt,
han var marknadsplassen til folka.
4Skam deg, Sidon, du festning ved havet!
For havet seier:
«Eg har ikkje rier og føder ikkje,
eg fostrar ikkje gutar
og oppdreg ikkje jenter.»
5Når egyptarane får høyra om det,
skal dei skjelva som då dei høyrde om Tyros.
6 # 23,6 Tarsis hamneby eller område ved fjerne kystar, kan henda vest i Middelhavet. >1 Mos 10,4. Dra over til Tarsis,
klag, de som bur ved kysten!
7 # Sef 2,15 Er dette den jublande byen dykkar,
han som vart til i den eldste tida
og førte sitt folk på raske føter
til fjerne stader der dei kunne bu?
8 # Op 18,23 Kven har planlagt dette
mot kroningsbyen Tyros,
der kjøpmennene var fyrstar,
der kremmarane var dei fornemste på jorda?
9 Herren over hærskarane har planlagt det
for å audmjuka alt som er stort og stolt,
og vanæra alle dei fornemme på jorda.
10Dyrk jorda di slik dei gjer langs Nilen,
du Tarsis-dotter!
Her finst ikkje lenger noka hamn.
11 # Job 12,23f Herren har strekt si hand ut over havet
og fått kongerike til å skjelva.
Han har gjeve påbod om
at festningane i Kanaan skal utslettast.
12Han sa: Du skal ikkje jubla meir,
dotter Sidon, du mishandla jomfru.
Stå opp og dra til kittearane!
Heller ikkje der skal du finna ro.
13 # 23,13 Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Sjå kaldearlandet!
Dei er folket, ikkje Assur.
Dei overlét byen til ørkendyr,
dei reiste sine kringsetjingstårn,
jamna borgene med jorda
og la byen i grus.
14Klag, de Tarsis-skip,
for festninga di er øydelagd.
15 # Jer 25,11f; 30,14 På den tid skal Tyros bli gløymd i sytti år, så lenge som ein konge lever. Men når dei sytti åra er lidne, skal det gå Tyros som det heiter i visa om hora:
16Ta di lyre
og gå rundt i byen,
du gløymde hore.
Spel vakkert,
syng alt du kan,
og folk vil minnast deg.
17Når dei sytti åra er lidne, skal Herren ta seg av Tyros. Då skal byen atter få horepengar og driva hor med alle kongerike på jorda. 18#Sal 45,13; 68,32; Jes 60,4ff; Apg 21,3f Men den vinning og løn som byen får, skal vera heilag for Herren. Det skal ikkje samlast og ikkje gøymast. Dei som bur framfor Herrens andlet, skal få denne fortenesta, så dei kan eta seg mette og kle seg flott.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.