Jesaja 2
N11NN
2
Herrens tempelberg
1Ordet som Jesaja, son til Amos, såg om Juda og Jerusalem:
2 # Jes 18,7; Jer 3,17; Mi 4,1ff; Sak 8,20ff I dei siste dagar skal det skje
at Herrens tempelberg skal stå urokkeleg
som det høgaste av fjella
og raga over høgdene.
Dit skal alle folkeslag strøyma.
3 # Jer 31,6; Sak 8,22f; Mi 4,2; Apg 1,8 Mange folk skal dra av stad og seia:
«Kom, lat oss gå opp til Herrens fjell,
til huset åt Jakobs Gud,
så han kan læra oss sine vegar
og vi kan ferdast på hans stigar.
For lov skal gå ut frå Sion,
Herrens ord frå Jerusalem.»
4 # Joel 3,15; Sak 9,10 Han skal dømma mellom folkeslag
og skifta rett for mange folk.
Dei skal smi sverda om til plogskjer
og spyda til vingardsknivar.
Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk,
ikkje lenger lærast opp til krig.
5Kom, Jakobs hus,
lat oss vandra i Herrens lys!
Herrens dag
6Du har forkasta folket ditt, Jakobs hus.
For der er det fullt av spådomar
og av teikntydarar, som hos filistrane,
overalt er det framande.
7Landet er fullt av sølv og gull,
overalt er det skattkammer.
Landet er fullt av hestar,
overalt er det vogner.
8 # 17,8; 41,6–8; 44,17 Landet er fullt av avgudar,
folk tilbed noko dei sjølve har laga
med sine eigne hender og fingrar.
9Mennesket er bøygd,
kvar mann er fornedra.
Tilgjev dei ikkje!
10 # Hos 10,8; Luk 23,30 Gå inn i fjellet, gøym deg i jorda
for redsla som Herren vekkjer,
for hans stordom og velde!
11 # 5,15 Den stolte må slå auga ned,
hovmodet hos menn skal bøyast.
Herren åleine er opphøgd den dagen.
12For det kjem ein dag frå Herren over hærskarane
då alt som er hovmodig og høgt,
alt som kneisar,
skal fornedrast,
13alle sedrar på Libanon,
så høge og kneisande dei er,
alle eiker i Basan,
14alle høge fjell,
alle kneisande høgder,
15alle opphøgde tårn
og alle festningsmurar,
16 # 2,16 Tarsis-skip store, havgåande skip. alle Tarsis-skip
og alle herlege skuter.
17Då blir det stolte mennesket bøygd
og hovmodet hos menn fornedra.
Herren åleine er opphøgd den dagen.
18Med avgudane er det slutt for alltid.
19 # Op 6,15f Då skal folk gøyma seg i fjellgrotter og jordhòler
for redsla Herren vekkjer,
for hans stordom og velde
når han reiser seg
for å slå jorda med skrekk.
20 # 27,9; 30,22; 31,7 Den dagen skal menneska kasta frå seg
til moldvarp og flaggermus
gudebileta av sølv og gull
som dei har laga seg og tilbed.
21Dei skal gøyma seg i fjellhòler og bergkløfter
for redsla Herren vekkjer,
for hans stordom og velde
når han reiser seg
for å slå jorda med skrekk.
22 # 1 Mos 2,7; Sal 146,3f; Jer 17,5 Hald opp med å stola på mennesket
som berre har pust i nasen.
Kva er vel mennesket å rekna for?

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk