Jesaja 16
N11NN
16
1 # 2 Sam 8,2; 2 Kong 3,4 # 16,1 eit lam gåve frå Moab til kongen i Juda. Jf. v. 3f. Sela hovudstaden i Edom. >2 Kong 14,7. Send eit lam til herskaren i landet,
frå Sela i øydemarka
til fjellet åt dotter Sion!
2Som flaksande fuglar
jaga frå reiret
skal Moabs døtrer vera
ved Arnons vadestader.
3«Gjev oss råd og finn ein utveg!
Lat skuggen din bli som natta midt på dagen.
Løyn dei bortdrivne,
svik ikkje dei som har flykta!
4Lat dei som er drivne bort frå Moab,
få halda til hos deg!
Ver eit ly for dei
mot den som herjar!»
Når undertykkinga er over
og herjinga slutt,
når den som trakkar ned,
er borte frå landet,
5då skal det av miskunn reisast ei trone,
og på den skal det i truskap sitja
ein dommar i Davids telt,
ein som søkjer rett
og fremjar rettferd.
6Vi har høyrt kor umåteleg stolt Moab er,
kor hovmodig, stolt og frekk han er,
kort tomt han skryter.
7Difor sørgjer Moab over Moab,
alle sørgjer dei,
ja, motlause skal de sukka
over rosinkakene i Kir-Hareset.
8 # 16,8 Sibma by i den nordlege delen av Moab, vest for Hesjbon. Jaser lengst nord i Moab, ved grensa mot Ammon. For vinmarkene i Hesjbon er tørka inn,
og vinstokkane i Sibma.
Herrar over folkeslag vart slegne til jorda
av dei raude druene
som nådde heilt til Jaser
og voks vilt i øydemarka,
rankene spreidde seg
og nådde heilt til sjøen.
9 # 15,4; Jer 48,32ff Difor græt eg med Jaser
over vinstokkane i Sibma.
Eg vatnar deg med tårene mine,
Hesjbon og Elale.
For det er slutt på dei glade ropa
over di frukt og di grøde.
10Glede og jubel er borte frå hagane,
og på vinmarkene er det ingen
som syng eller ropar.
Ingen trakkar druer i vinpressene,
dei glade ropa har stilna.
11 # 15,5; Jer 48,36 # 16,11 Kir-Heres Kir-Moab, jf. 15,1, el. Kir-Hareset, jf. 16,7. Difor dirrar mitt indre
som ei lyre for Moab,
mitt hjarte for Kir-Heres.
12 # 4 Mos 21,29; 1 Kong 11,7 Men når Moab viser seg
og slit seg ut på offerhaugen,
når han går til sin heilagdom for å be,
nyttar det ikkje.
13 # 4 Mos 24,17; Am 2,1ff Dette er det ordet som Herren før har tala om Moab. 14#21,16 Men no seier Herren: Om tre år, slik som leigefolk reknar åra, skal Moabs ære bli til vanære, så folkerikt det er, og dei få som er att, skal bli maktlause.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk