Jesaja 12
N11NN
12
Takkesalme
1 # 11,11ff Den dagen skal du seia:
Eg takkar deg, Herre!
For du var harm på meg,
men harmen snudde,
og du trøysta meg.
2 # 2 Mos 15,2; Sal 118,14 Sjå, Gud er mi frelse,
eg er trygg og fryktar ikkje.
For Herren er min styrke og min song,
og han har vorte mi frelse.
3 # 44,3; 55,1; Joel 3,1; Joh 4,14; 7,37ff Med glede skal de ausa vatn
or kjeldene til frelse.
4 # 1 Krøn 16,8; Sal 105,1 Den dagen skal de seia:
Lovpris Herren, kall på hans namn!
Gjer gjerningane hans kjende mellom folka,
forkynn at hans namn er opphøgt!
5Syng for Herren, for han har gjort storverk,
gjer dette kjent over heile jorda!
6 # Sef 3,14ff; Sak 9,9 Rop høgt i jubel,
de som bur på Sion!
For Israels Heilage er stor,
han er midt iblant dykk.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk