Jesaja 1
N11NN
1
1 # 2 Kong 19,2; Mi 1,1 # 1,1 Amos ikkje identisk med profeten som er omtala i Amos-boka. Ussia stundom kalla Asarja. Jf. 2 Kong 14,21. Syn som Jesaja, son til Amos, såg om Juda og Jerusalem i dei dagane då Ussia, Jotam, Ahas og Hiskia var kongar i Juda.
Klage over Israel
2 # 5 Mos 32,1; Jer 2,12ff; Hos 7,13; Mi 1,2 Høyr, de himlar
og lytt, du jord,
for Herren talar:
Born har eg fostra og oppdrege,
men dei har sett seg opp imot meg.
3 # 6,10; Jer 8,7 Ein okse kjenner eigaren sin,
eit esel krubba til herren sin.
Men Israel kjenner ikkje,
folket mitt forstår ikkje.
4 # Jer 15,6 Ve det syndige folket,
eit folk tungt av skuld,
ei slekt som handlar vondt,
born som øydelegg!
Dei har forlate Herren,
forakta Israels Heilage
og vendt ryggen til han.
5Har de ikkje fått nok slag?
Gong på gong fell de frå.
Kvart hovud er skadd,
og kvart hjarte er sjukt.
6Frå hovud til hæl er ingenting heilt,
flengjer og skrammer og opne sår,
ikkje reinsa, ikkje forbundne,
ikkje bløytte opp med olje.
7 # 3 Mos 26,32f; Jes 5,5; 6,11ff; Jer 44,22 Landet dykkar ligg øyde,
byane er brende,
framande et opp jorda
rett framfor auga på dykk.
Det er audt som når framande har øydelagt.
8Berre dotter Sion er att
som ei lauvhytte i ein vingard,
som eit vaktskjul på ei agurkmark,
som ein kringsett by.
9 # 1 Mos 19,24; Jes 13,19; Rom 9,29 Hadde ikkje Herren over hærskarane
late nokre få av oss leva,
då var vi som Sodoma,
då likna vi på Gomorra.
Offer og urett
10 # Hos 5,1ff; Mi 3,1.9 # 1,10 Sodoma-hovdingar, Gomorra-folk Leiarane og folket i Jerusalem blir samanlikna med folket i Sodoma og Gomorra. Jf. 1 Mos 18,20ff. Høyr Herrens ord,
de Sodoma-hovdingar!
Lytt til vår Guds lov,
du Gomorra-folk!
11 # Ordt 21,27; Jer 6,20; 14,12; Hos 6,6; 8,13; Am 5,21f; Mi 6,6ff Kva skal eg med alle desse slaktoffera dykkar? seier Herren.
Eg er mett på brennoffer av vêrar
og på feitt av gjøkalvar.
Blod av oksar og bukkar og lam
har eg ikkje lyst på.
12 # 2 Mos 23,15.17 Kven krev slikt av dykk
når de kjem og viser dykk for mitt andlet?
De trakkar ned føregardane mine.
13 # Mal 1,10 Kom ikkje meir med unyttige gåver!
Eg avskyr offerrøyken.
Nymåne og sabbat, kunngjering av høgtider
– eg toler ikkje urett og høgtid.
14 # 1,14 nymånedagane =festar og høgtider. Eg hatar nymånedagane og høgtidene dykkar.
Dei er ei bør eg er trøytt av å bera.
15 # Sal 66,18; Ordt 1,28ff; 15,29; 28,9; Jes 59,2f; Jer 14,12; Joh 9,31 Når de lyfter hendene,
lèt eg att auga for dykk.
Same kor mykje de bed,
høyrer eg ikkje.
Hendene dykkar er fulle av blod.
16 # Sal 34,15; Esek 18,23.31; Joel 2,12f; Am 5,14f; Rom 12,9; 1 Pet 3,11 Vask dykk, gjer dykk reine!
Få dei vonde gjerningane
bort frå auga mine,
hald opp med å gjera vondt,
17 # 5 Mos 24,17f; 27,19; Sal 82,3; Jes 1,23 lær å gjera godt!
Søk det som er rett,
hjelp den undertrykte,
ver forsvarar for farlause,
før enkjers sak!
Guds tilbod om nåde
18 # Sal 51,9; Jes 43,25; 44,22 Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren.
Om syndene dykkar er som purpur,
skal dei bli kvite som snø,
om dei er raude som skarlak,
skal dei bli kvite som ull.
19 # 3 Mos 25,18f; Ordt 1,33 Dersom de er villige og lydige,
skal de få eta det gode i landet.
20 # 3 Mos 26,14.17.25 Men er de uvillige og trassige,
skal de fortærast av sverd.
For Herrens munn har tala.
Jerusalem skal reinsast
21 # Jer 2,21; Hos 1,2 Å, at den trufaste byen
skulle bli ei hore!
Han var full av rett,
rettferd budde der,
men no – mordarar!
22 # Esek 22,18 Sølvet ditt har vorte til slagg,
vinen din blanda med vatn.
23 # 2 Mos 22,22; Jer 5,28f; Hos 9,15; Sak 7,10 Stormennene dine er opprørarar,
dei held lag med tjuvar.
Alle elskar stikkpengar
og jagar etter gåver.
Dei forsvarar ikkje den farlause
og fører ikkje enkjers sak.
24 # 1,24 Israels Mektige Jakobs Mektige. >Jf. 1 Mos 49,24. Difor seier Herren,
allhærs Herre,
Israels Mektige:
Ve, eg vil ta igjen med motstandarane mine
og hemna meg på fiendane!
25 # 1,25 bly Esek 22,18–22. Eg vil lyfta handa mot deg,
reinsa ut slagget ditt med lut
og skilja ut alt bly.
26 # 1,21 Eg vil igjen gje deg dommarar
som i gamle dagar
og rådgjevarar
som i den første tida.
Sidan skal du kallast
Den rettferdige og trufaste byen.
27 # 59,20; Rom 11,26 Ved rett skal Sion løysast ut,
ved rettferd dei som vender om.
28Men svikarar og syndarar skal knusast,
dei som forlèt Herren, skal gå til grunne.
29 # Hos 4,13.19 # 1,29 eikene Store, frodige tre vart haldne for heilage, og under dei dyrka kanaanearar og nokre israelittar avlings- og livsgudar. Jf. Hos 4,13f. hagane siktar òg til heilagstader. Jf. Jes 66,3. De får skam av eikene
som de var så glade i,
og vanære av hagane
som de likte så godt.
30De skal bli som ei eik med visne blad,
som ein hage utan vatn.
31 # Jer 4,4; 17,27; Esek 21,3f; Am 5,6 Den sterke skal bli til halm
og verket hans til ein gneiste,
saman skal dei brenna
utan at nokon sløkkjer.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk