Hosea 6

6
Den tredje dagen
1 # Job 5,18+ Kom, lat oss venda om til Herren!
For han reiv sund, men vil gjera oss friske,
han slo, men vil forbinda oss.
2 # 1 Sam 2,6; Matt 16,21+ Han gjer oss levande etter to dagar,
den tredje dagen reiser han oss opp,
så vi kan leva for hans andlet.
3 # 5 Mos 11,14; Jes 44,3f; 58,8 Lat oss læra å kjenna Herren,
lat oss jaga etter å kjenna han!
Sikkert som soloppgangen kjem han,
han kjem til oss lik regnet,
lik vårregnet som væter jorda.
Kva skal eg gjera med deg?
4Kva skal eg gjera med deg, Efraim?
Kva skal eg gjera med deg, Juda?
Kjærleiken dykkar er som ei morgonsky,
lik dogg som tidleg blir borte.
5 # Jes 11,4+; Hebr 4,12 Difor har eg hogge dei ned ved profetane,
drepe dei med ord frå min munn.
Min dom skal gå opp som lyset.
6 # 1 Sam 15,22; Jes 1,11+; Matt 9,13; 12,7 For eg vil ha kjærleik, ikkje slaktoffer,
gudskjennskap framfor brennoffer.
7 # 6,7 Adam tyder «menneske». Det er nytta som personnamn t.d. i 1 Mos 5,3 og som stadnamn i Jos 3,16. Dei braut pakta i Adam,
der var dei trulause mot meg.
8 # 12,12 Gilead er ein forbrytarby,
full av blodspor.
9Presteflokken liknar røvarar
som ventar på folk,
dei myrdar på vegen til Sikem.
Ja, skamlaus gjerning har dei gjort.
10 # Jer 18,13; Hos 5,3 I Israels hus har eg sett grufulle ting,
der driv Efraim hor,
der gjer Israel seg urein.
11 # 5 Mos 30,3+; Jer 33,26+; Joel 3,6 Også for deg, Juda,
er det fastsett ein haust.
Israel sviktar
Når eg vender lagnaden for mitt folk,

Markert nå:

Hosea 6: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring