Hosea 5

5
Dommen gjeld dykk
1 # 9,8f # 5,1 Mispa kanskje ein by nord for Jerusalem i Benjamin-landet, nytta som samlingsstad i dommartida. Jf. Dom 20,1; 1 Sam 7,5. Tabor fjell i Galilea. Høyr dette, de prestar,
og lytt, du Israels hus,
du kongehus, vend øyret til!
Dommen gjeld dykk!
For de har vorte ei snare for Mispa,
eit utspent nett på Tabor
2 # 5,2 Sjittim >4 Mos 25,1. og ei djup fallgrav i Sjittim.
Men eg vil tukta dei alle.
3 # Jer 16,17; Hos 6,10; 7,2 Eg kjenner Efraim,
og Israel er ikkje løynt for meg.
For no har du drive hor, Efraim,
Israel har gjort seg urein.
4 # Jer 4,22; Hos 4,12 Gjerningane deira hindrar dei frå
å venda om til sin Gud.
For dei har ei horeånd i seg,
og Herren kjenner dei ikkje.
5 # 7,10 Israels hovmod vitnar mot han.
Israel og Efraim skal snubla i si skuld.
Juda òg skal snubla med dei.
6 # Ordt 1,28+; Mi 3,4 Når dei kjem med sitt småfe og storfe
for å søkja Herren,
finn dei han ikkje.
Han har vendt seg bort frå dei.
7 # Jer 3,20ff # 5,7 nymånen eta opp >Sal 121,6. Dei har vore trulause mot Herren,
for dei har fått born som ikkje er hans.
No skal nymånen eta opp
både dei og det dei eig.
Herren er som ei løve
8 # 5,8 Bet-Aven Jf. 4,15. >Jos 7,2. Lat hornet gjalla i Gibea,
blås i trompet i Rama,
lyft hærrop i Bet-Aven!
Dei er etter deg, Benjamin!
9 # 10,6 Efraim skal leggjast øyde
den dagen straffa kjem,
mellom Israels stammar har eg kunngjort
det som står fast.
10 # Ordt 22,28+ Judas stormenn liknar
slike som flytter grensesteinar,
over dei vil eg ausa ut
harmen min som vatn.
11 # 1 Kong 12,28; 16,32 Efraim er undertrykt,
retten er knust,
for han gav seg til å følgja
det som ingenting er.
12Eg er som møll for Efraim,
som ròte for Judas hus.
13 # 7,11; 8,9; 10,6 # 5,13 storkongen kongen av Assur. Og Efraim såg sin sjukdom
og Juda sitt sår.
Då gjekk Efraim til Assur
og sende bod til storkongen.
Men han kan ikkje gjera dykk friske
og ikkje lækja dykkar sår.
14Sanneleg, eg er som ei løve mot Efraim,
som ei ungløve mot Judas hus.
Eg, eg riv sund og går min veg,
eg sleper bort, og ingen bergar.
15 # 3 Mos 26,40; Sal 78,34 Eg vil venda attende til min stad
til dess dei erkjenner si skuld
og søkjer mitt andlet.
I si naud skal dei leita etter meg.

Markert nå:

Hosea 5: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring