Hosea 3

3
Utruskap og fråfall
1 # 1,2 # 3,1 rosinkaker knytt til dyrking av andre gudar. Jf. Jer 7,18; 44,19. Og Herren sa til meg: «Gå endå ein gong bort og elsk ei kvinne som er elskarinna til ein annan og bryt ekteskapet, slik Herren elskar israelittane, endå dei vender seg til andre gudar og elskar rosinkaker!» 2#3,2 femten sjekel ca. 170 g. ein homer ca. 230 l. ein letek ukjend måleining. Verdien av ein kvinneleg slave vart gjerne sett til 30 sjekel sølv. Jf. 2 Mos 21,32; 3 Mos 27,4. Så kjøpte eg henne for femten sjekel sølv og ein homer bygg og ein letek bygg. 3Og eg sa til henne: «I mange dagar skal du bu hos meg, utan å driva hor og utan å ha omgang med nokon mann, og heller ikkje eg med deg.» 4#2 Krøn 15,3#3,4 efod oftast nytta om ein del av drakta til prestane i Israel, her kanskje klesdrakta til eit gudebilete. =prest. terafar hebr. terafim, små gudebilete eller heilage gjenstandar som familien eigde. Dei kunne m.a. nyttast når ein ville ta varsel. Jf. 1 Mos 31,19; Dom 18; Esek 21,26. For i mange dagar skal israelittane bu utan konge og hovding, utan offer og utan steinstøtte, utan efod og terafar. 5#5 Mos 4,29; Jer 31,12 Sidan skal israelittane venda om og søkja Herren, sin Gud, og David, sin konge. Skjelvande skal dei koma til Herren og dei gode gåvene hans i dagar som kjem.

Markert nå:

Hosea 3: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på