Hosea 12
N11NN
12
Herren vil straffa Jakob
1 # 12,1 held … til Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Efraim har omringa meg med løgn,
Israels hus med svik.
Men Juda held seg enno til Gud
og er trufast mot Den heilage.
2Efraim gjeter vind,
jagar heile dagen etter austavind.
Han hopar opp løgn og vald.
Dei gjer pakt med Assur
og sender olje til Egypt.
3 # 12,3 Jakob >4 Mos 23,7. Herren fører sak med Juda,
han vil straffa Jakob for hans ferd,
gjengjelda det han har gjort.
4 # 1 Mos 25,22.26 I mors liv heldt han bror sin i hælen,
som vaksen kjempa han med Gud,
5 # 1 Mos 28,13ff; 32,24ff; 35,15 han kjempa med engelen og vann,
han gret og bad om nåde.
I Betel møter Gud han,
og der talar han med oss.
6 # Jes 47,4; 48,2; 51,15; 54,5; Jer 10,16; 31,35; Am 4,13; 5,27 Herren, allhærs Gud,
Herren er hans namn.
7 # 14,2; Joel 2,12; Sak 7,9 Og du skal venda attende ved hjelp av din Gud.
Hald fast på kjærleik og rett,
ha alltid von til din Gud!
8 # 12,8 Kanaan Ordet kan òg tyda «kremmar». Jf. Jes 23,8; Esek 16,29; 17,4; Sef 1,11. Kanaan har falske vekter i handa,
han elskar å utnytta andre,
9og Efraim seier:
«Eg har då vorte rik
og har fått meg eigedom,
men i all rikdomen min
er eg ikkje funnen skuldig i noko som er synd.»
10 # 12,10 den gongen … deg kan òg omsetjast «på høgtidsdagane». Men eg er Herren din Gud,
heilt frå Egypt.
Enno vil eg la deg bu i telt
som den gongen eg møtte deg.
11Eg vil tala til profetane.
Eg lét dei få syn i mengd,
og no vil eg tala i likningar gjennom dei.
12 # 6,8; 8,11+ Er Gilead ugudeleg,
skal dei bli til inkjes.
Ofrar dei oksar i Gilgal,
skal altara deira bli som steinrøysar langs åkeren.
13 # 1 Mos 28,5; 29,20 # 12,13 Aram-landet her Mesopotamia. Jf. 1 Mos 27,42ff. Jakob rømde til Aram-landet,
Israel tente for å få seg ei kone,
for ei kone vakta han småfe.
14 # Sal 77,21 # 12,14 ein profet Moses. Jf. 5 Mos 34,10. Ved ein profet førte Herren
Israel opp frå Egypt,
og ved ein profet vakta han dei.
15 # Jes 65,6f Efraim har vekt bitter harme.
Herren skal la hans blodskuld
koma over han sjølv
og gje han att for hans spott.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk