Hebrearane 6

6
1 # Fil 3,15 Difor må vi gå vidare frå det første vi lærte om Kristus, fram mot full mogning. Vi vil ikkje på nytt leggja grunnvollen med omvending frå døde gjerningar og tru på Gud, 2med undervising om reinsingsbad og handspålegging, om oppstoda frå dei døde og om evig dom. 3Slik skal vi gå vidare, om Gud vil.
4 # Matt 12,31f; Hebr 10,26f.32; 1 Joh 5,16 Når nokon ein gong har vorte opplyst og har smaka den himmelske gåva og fått del i Den heilage ande, 5har smaka Guds gode ord og kreftene frå den komande verda, 6og så fell frå, då er det umogleg at dei igjen kan fornyast til omvending. Dei krossfester Guds Son på nytt og gjer han til spott. 7Når ein åker drikk regnet som stadig fell på han, og ber grøde til nytte for dei som dyrkar han, får han velsigning frå Gud. 8#1 Mos 3,17f Men ber åkeren torn og tistel, er han til inga nytte. Forbanninga er nær, og det endar med at han blir avsvidd.
Guds lovnad står fast
9Men vi har den tru om dykk, de kjære, at det står betre til, og at de er på frelsevegen, endå vi talar som vi gjer. 10#10,32ff For Gud er ikkje urettferdig så han gløymer det de har gjort, og den kjærleiken til namnet hans som de har vist med å tena dei heilage, no som før. 11#3,6.14 Vi ønskjer berre at kvar og ein av dykk heilt til det siste må visa den same iveren etter å vera fullt overtydde i vona. 12Då må de ikkje vera likesæle, men etterlikna dei som ved tru og tolmod arvar det som Gud har lova.
13 # 1 Mos 22,16 Då Gud gav Abraham lovnaden, svor han ved seg sjølv, for han hadde ingen større å sverja ved. 14#1 Mos 22,17 Han sa: «Sanneleg, eg vil velsigna deg rikt og gjera ætta di talrik utan ende.» 15Og Abraham venta med tolmod og fekk det Gud hadde lova han. 16#2 Mos 22,11 Menneske sver ved ein som er større, og eiden er ei stadfesting som gjer ende på alle innvendingar. 17Gud ville gjera det heilt klårt for dei som skulle arva lovnaden, kor urokkeleg hans avgjerd var; difor gjekk han god for det med eid. 18#4 Mos 23,19; Tit 1,2 Med lovnad og eid, to ting som ikkje kan endrast – og Gud kan ikkje lyga – skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt redning. 19#3 Mos 16,2.12#6,19 forhenget skilde Det heilage frå Det høgheilage i tempelet. Jf. Matt 27,51. =Guds bustad. Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innanfor forhenget, 20#5,6; 7,17 dit Jesus har gått i førevegen for oss, han som til evig tid har vorte øvsteprest av same slag som Melkisedek.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring