Hebrearane 5

5
1 # 8,3 Ein øvsteprest blir alltid vald ut blant menneske og innsett til å gjera teneste for menneske framfor Gud. Han skal bera fram gåver og offer for synder. 2#7,28 Han kan vera mild mot dei som uvitande fer vill, fordi han òg er veik 3#3 Mos 9,7; 16,6 og difor må bera fram syndoffer for seg sjølv og ikkje berre for folket. 4#5,4 Aron var etter 2 Mos den første øvstepresten. Jf. 2 Mos 28,1. Ingen tek seg sjølv den æra, men han blir kalla av Gud, slik som Aron.
5 # Sal 2,7; Hebr 1,5 Så har heller ikkje Kristus teke seg den æra å vera øvsteprest. Han fekk henne av Gud, som sa til han:
Du er Son min,
eg har fødd deg i dag.
6 # Sal 110,4; Hebr 6,20; 7,1ff.17 # 5,6 av same slag som Melkisedek kan òg omsetjast «på same måten som Melkisedek» eller «i lina etter Melkisedek». >7,2. Og som han seier ein annan stad:
Du skal til evig tid vera prest
av same slag som Melkisedek.
7 # Sal 31,23; Luk 22,42ff; Joh 12,27f Då Jesus levde som menneske, bar han fram bøner og naudrop, med høge skrik og tårer, til han som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han var gudfryktig. 8#Fil 2,8 Endå han var Son, lærte han lydnad ved å lida. 9#2,10 Då han hadde nådd fullendinga, vart han ei kjelde til evig frelse for alle som lyder han, 10#4,14+; 6,20 han som av Gud vart kalla øvsteprest av same slag som Melkisedek.
Åtvaring mot fråfall
11Om dette har vi mykje å seia, men det er vanskeleg å forklara sidan de har vorte så likesæle med å høyra. 12#1 Kor 3,1f Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng nokon som på nytt lærer dykk det første og grunnleggjande i Guds ord. De har vorte slike som treng mjølk, ikkje fast føde. 13#Ef 4,14 For den som lever av mjølk, er eit spedbarn og skjønar seg ikkje på bodskapen om rettferd. 14Men fast føde er for dei fullvaksne, dei som ved å bruka sansane har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring