Haggai 1

1
Tempelet skal byggjast opp
1 # Esra 5,1f; 6,14; Sak 1,1 # 1,1 I … regjegjeringsåret hausten 520 f.Kr. Serubabel soneson til kong Jojakin. Saman med øvstepresten Josva arbeidde han med å gjenreisa tempelet (Esra 3,2f.8). Det knytte seg store messianske voner til han fordi han var davidsætling. Jf. 1 Krøn 3,19; Esra 2,2; Sak 4,1–7. I det andre regjeringsåret til kong Dareios, på den første dagen i den sjette månaden, kom Herrens ord gjennom profeten Haggai til statthaldaren i Juda, Serubabel, son til Sjealtiel, og til øvstepresten Josva, son til Jehosadak: 2Så seier Herren over hærskarane: Dette folket seier: «Tida er ikkje komen, tida for å byggja Herrens hus.» 3Då kom Herrens ord ved profeten Haggai:
4 # 2 Sam 7,2; 2 Kong 25,8ff Er det tid for dykk
til å bu i bordkledde hus
så lenge dette huset ligg i røys?
5Men no seier Herren over hærskarane:
Gjev akt på vegane dykkar!
6 # 5 Mos 28,38ff; Hos 4,10; Mi 6,14f De sår mykje, men haustar lite,
de et, men blir ikkje mette,
de drikk, men sløkkjer ikkje tørsten,
de kler dykk, men blir ikkje varme.
Og leigekaren får si løn
i ein pung med hol i.
7Så seier Herren over hærskarane:
Gjev akt på vegane dykkar!
8Far opp i fjellet og hent tømmer!
Bygg huset, så vil eg ha glede i det
og bli æra, seier Herren.
9De ventar mykje, men sjå, det blir lite.
De får avlinga i hus, men eg blæs henne bort.
Kvifor? seier Herren over hærskarane.
Fordi mitt hus ligg i røys
medan de har det travelt med dykkar eigne hus.
10 # 3 Mos 26,19ff; 1 Kong 17,1 Difor held himmelen dogga tilbake,
og jorda held grøda tilbake.
11 # Am 4,9 Eg har kalla fram tørke
over land og fjell,
over korn, ny vin og fin olje,
over det som marka ber fram,
over menneske og dyr
og over alt det hendene har slite med.
12Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Jehosadak, øvstepresten, og alle som var att av folket, høyrde på røysta til Herren sin Gud og på orda til profeten Haggai, for Herren deira Gud hadde sendt han. Og folket frykta Herren. 13#2,4 Haggai, Herrens sendebod, bar fram Herrens bodskap til folket: «Eg er med dykk, seier Herren
14 Herren vekte ein tanke hos Serubabel, son til Sjealtiel, statthaldaren i Juda, og hos Josva, son til Jehosadak, øvstepresten, og hos alle som var att av folket. Og dei kom og arbeidde på huset til sin Gud, Herren over hærskarane, 15#1,15 i … regjeringsåret >v. 1. på den tjuefjerde dagen i den sjette månaden i det andre regjeringsåret til kong Dareios.

Markert nå:

Haggai 1: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring