1. Mosebok 9
N11NN
9
Guds pakt med Noah
1 # 1,28 Gud velsigna Noah og sønene hans og sa til dei: «Ver fruktbare, bli mange og fyll jorda! 2Over alle dyra på jorda og alle fuglane under himmelen, over alt som rører seg på marka og alle fiskane i havet, skal det koma frykt og redsle for dykk. Dei er gjevne i dykkar hender. 3#1,29 Alt som lever og rører seg, skal no vera mat for dykk. Som eg gav dykk dei grøne plantene, gjev eg dykk no alt dette. 4#Apg 15,20.29#9,4 liv … blod uttrykkjer tanken om at livet er knytt til blodet. Jf. 3 Mos 17,11.14; 5 Mos 12,23. Men kjøt som har liv i seg, det vil seia blod, skal de ikkje eta. 5#2 Mos 21,28f For dykkar eige blod og liv vil eg krevja dykk til rekneskap. Eg vil krevja kvart dyr til rekneskap, og eg vil krevja kvart menneske til rekneskap for livet til eit medmenneske.
6 # 1,26f+; 2 Mos 21,12; 3 Mos 24,17; 4 Mos 35,16 Den som auser ut menneskeblod,
ved menneske skal hans blod bli aust ut,
for Gud laga mennesket i sitt bilete.
7Men de skal vera fruktbare og bli mange,
myldra på jorda og bli mange der!»
8Så sa Gud til Noah og sønene hans: 9#6,18#9,9 pakt =pakt. «No vil eg oppretta mi pakt med dykk og etterkomarane dykkar 10og med kvar levande skapning hos dykk, både fuglar og fe og alle ville dyr som er hos dykk, alle som gjekk ut av arka, alle dyr på jorda. 11#8,21; Jes 54,9 Eg opprettar mi pakt med dykk: Aldri meir skal det henda at alt kjøt og blod blir utrydda av vatnet frå storflaumen. Aldri meir skal det koma ein storflaum for å leggja jorda i øyde.»
12Og Gud sa:
«Dette teiknet set eg
for pakta mellom meg og dykk
og kvar levande skapning som er hos dykk
i komande slekter til alle tider:
13Eg set bogen min i skyene,
han skal vera eit teikn på pakta
mellom meg og jorda.
14Når eg samlar skyer over jorda
og bogen syner seg i skyene,
15då vil eg koma i hug pakta
mellom meg og dykk
og kvar levande skapning,
alt kjøt og blod.
Aldri meir skal vatnet bli til ein storflaum
som øydelegg alt kjøt og blod.
16Når bogen syner seg i skyene,
vil eg sjå han og koma i hug den evige pakta
mellom Gud og kvar levande skapning,
alt kjøt og blod på jorda.»
17Gud sa til Noah: «Dette er teiknet på den pakta eg opprettar mellom meg og alt kjøt og blod på jorda.»
Noah og sønene hans
18Sønene til Noah som gjekk ut av arka, var Sem, Ham og Jafet. Ham var far til Kanaan. 19Desse tre var sønene til Noah, og frå dei breidde menneska seg ut over heile jorda.
20Noah tok til å dyrka jorda, og han planta ei vinmark. 21Då han drakk av vinen, vart han full og kledde av seg inne i teltet sitt. 22Ham, far til Kanaan, fekk sjå far sin naken, og han fortalde det til dei to brørne sine, som var ute. 23Då tok Sem og Jafet ei kappe og la henne over akslene sine. Så gjekk dei baklengs inn og dekte til den nakne far sin. Dei vende andletet bort så dei ikkje såg faren naken. 24Då Noah vakna av rusen og fekk vita kva den yngste sonen hadde gjort mot han, 25sa han:
«Forbanna er Kanaan!
For brørne sine skal han vera
den lågaste av slavar!»
26Og han sa:
«Velsigna er Herren, Sems Gud!
Kanaan skal vera hans slave!
27 # 9,27 Jafet På hebr. er det eit ordspel mellom namnet Jafet og uttrykket «gjera plass». Måtte Gud gjera plass for Jafet.
Han skal bu i Sems telt,
og Kanaan skal vera hans slave.»
28Etter storflaumen levde Noah endå 350 år. 29Heile Noahs levetid vart 950 samfulle år. Så døydde han.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk