1. Mosebok 50
N11NN
50
1 # 46,4 Då kasta Josef seg gråtande ned over far sin og kyste han. 2Og Josef baud at legane han hadde i si teneste, skulle balsamera faren; og legane balsamerte Israel. 3Det tok førti dagar, for så lang tid tek ei balsamering. Og egyptarane gret over han i sytti dagar.
4Då sørgjetida var over, sa Josef til dei som tente ved hoffet til farao: «Om de har velvilje for meg, så sei til farao: 5#47,29ff Far min tok meg i eid og sa: Når eg no døyr, må du leggja meg i den grava eg kjøpte meg i Kanaan. Lat meg difor få dra opp og gravleggja far min og så koma tilbake!» 6Farao sa: «Dra berre opp og gravlegg far din, slik han lét deg sverja.»
7Så drog Josef opp for å gravleggja far sin. Alle tenarane til farao, dei eldste i faraos hus og dei eldste i landet drog opp saman med Josef. 8Heile Josefs hus, brørne og farshuset hans var òg med. Berre dei små borna, småfeet og storfeet lét dei vera att i Gosen. 9Han hadde òg med seg vogner og ryttarar, så det vart eit stort følgje.
10 # 50,10 Goren-Haatad Namnet tyder «treskjevollen med tornekratt»; ukjend stad. Dei kom til Goren-Haatad, som ligg på den andre sida av Jordan, og heldt der ei stor og verdig sørgjehøgtid. Josef sørgde over far sin i sju dagar. 11#50,11 Abel-Misrajim Namnet kan tyda «enga til egyptarane», men første del av namnet er svært likt eit hebr. ord for «sørgjehøgtid», ebel. Slik får namnet ei dobbel tyding i samband med sørgjehøgtida til egyptarane. Kanaanearane som budde i landet, såg sørgjehøgtida i Goren-Haatad og sa: «Det er ei verdig sørgjehøgtid egyptarane held.» Difor kalla dei staden Abel-Misrajim. Han ligg på den andre sida av Jordan.
12Sønene gjorde med Jakob som han hadde bode dei. 13#23,16ff+ Dei førte han til Kanaan og gravla han i hòla på Makpela-marka, austafor Mamre, det jordstykket Abraham kjøpte av hetitten Efron for å ha til gravstad. 14Då Josef hadde gravlagt far sin, drog han tilbake til Egypt saman med brørne sine og alle som hadde drege opp med han for å gravleggja Jakob.
Josef tilgjev brørne sine
15Då brørne til Josef såg at far deira var død, sa dei: «Berre no ikkje Josef legg oss for hat og gjev oss att for alt det vonde vi har gjort mot han!» 16Så sende dei bod til Josef og sa: «Før han døydde, baud far din 17at vi skulle seia dette til deg: Kjære, tilgjev brørne dine den uretten dei gjorde då dei synda og handla vondt mot deg. Tilgjev no uretten som er gjord av oss som tener din fars Gud.» Josef gret då dei tala slik til han.
18Sidan kom brørne sjølve og kasta seg ned for han og sa: «Sjå, vi er dine tenarar.» 19Då sa Josef til dei: «Ver ikkje redde! Er eg i Guds stad? 20#45,5; Rom 8,28 De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, for han ville gje liv til eit stort folk, slik vi ser i dag. 21Så ver ikkje redde! Eg skal syta for dykk og borna dykkar.» Slik trøysta han dei og tala til hjartet deira.
Josef døyr
22Josef vart buande i Egypt, både han og farshuset hans. Han vart 110 år gammal. 23#50,23 på knea til Josef >30,3. Josef fekk sjå borna til Efraim i tredje ledd. Og borna til Makir, son til Manasse, vart fødde på knea til Josef.
24 # Hebr 11,22 Josef sa til brørne sine: «No skal eg døy. Men Gud skal sjå til dykk og føra dykk opp frå dette landet til det landet han lova Abraham, Isak og Jakob.» 25#2 Mos 13,19; Jos 24,32 Og Josef tok Israels-sønene i eid og sa: «Når Gud ser til dykk, då skal de føra knoklane mine med herifrå.» 26Så døydde Josef, 110 år gammal. Dei balsamerte han, og han vart lagd i ei kiste i Egypt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk