1. Mosebok 49
N11NN
49
Jakobs velsigning
1 # 5 Mos 33,1ff; Dom 5,13ff Jakob kalla sønene sine til seg og sa: Kom saman, så vil eg fortelja kva som skal henda dykk i dagar som kjem:
2Kom saman og høyr, de Jakobs søner,
høyr på Israel, far dykkar!
3 # 29,32 Ruben, du er min førstefødde,
mi kraft og den første frukta av min manndom,
størst i heider, størst i makt.
4 # 35,22+ Men du brusar over som vatnet,
difor skal du ingen føremon ha.
For då du steig opp i senga til far din,
vanæra du henne
– i leiet mitt steig han opp.
5 # 34,25f Simon og Levi er brør.
Våpna deira er reiskapar for vald.
6Mi sjel, møt ikkje i deira råd!
Mi ære, ver ikkje med i deira forsamling!
For i sinne drap dei menn,
sjølvrådige skamskar dei oksar.
7 # Jos 19,1; 21,2f Forbanna er sinnet deira, for det er kraftig,
og raseriet deira, for det er veldig!
Eg vil splitta dei i Jakob
og spreia dei ut i Israel.
8 # 29,35; 1 Krøn 5,2 Juda, deg prisar brørne dine,
du har handa på nakken til fienden,
sønene til far din bøyer seg for deg.
9 # 4 Mos 23,24; 24,9; 5 Mos 33,7; Op 5,5 Ein løveunge er Juda!
Frå byttet reiser du deg opp, son min.
Han legg seg til ro og strekkjer seg som ei løve,
som ei løvinne – kven vekkjer han?
10 # 49,10 eigaren Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Septer skal ikkje vika frå Juda
eller herskarstav frå føtene hans
til eigaren kjem,
han som folka skal lyda.
11Han bind eselet i vinstokken,
eselfolen i den edle ranka.
Han vaskar kleda sine i vin,
kjortelen i drueblod.
12Auga hans er mørkare enn vin,
tennene kvitare enn mjølk.
13 # Jos 19,10ff Sebulon bur ved havsens kyst,
kysten der skipa legg til,
grensa hans går til Sidon.
14 # Dom 5,15ff Jissakar er eit velbygd esel
som ligg mellom to kløvkorger.
15Han såg at det var godt å kvila,
og at landet var fagert.
Då bøygde han nakken under børa
og vart ein ufri slave.
16 # 49,16 Dan >30,6. Dan skal dømma sitt folk
som ein av Israels stammar.
17Dan skal vera ein slange ved vegen,
ein giftig orm på stigen.
Han høgg hesten i hælane
så ryttaren ryk på ryggen.
18– Eg ventar på di frelse, Herre.
19 # 49,19 Gad Namnet kan likna på eit hebr. ord for «å overfalla». Gad blir herja av røvarflokkar,
men går sjølv til åtak og forfølgjer dei.
20 # 5 Mos 33,24 Frå Asjer kjem det god mat,
han set fram kongelege retter.
21 # 49,21 =Septuaginta har «Naftali er ei eik som breier seg utover, som gjer frukta vakker». Naftali er ei hind som spring fritt;
han talar vakre ord.
22Josef er eit ungt frukttre,
eit ungt frukttre ved kjelda;
greinene kliv opp etter muren.
23Bogeskyttarane gjer han bitter,
dei skyt på han og strider mot han.
24 # 49,24 Jakobs Mektige gammalt namn på Israels Gud. Men bogen hans er stø,
armar og hender er leduge
takka vere Jakobs Mektige,
han som er gjetaren, Israels Fjell,
25 # 49,25 Gud, Den veldige >17,1. Gud til far din, han som hjelper deg,
Den veldige, han som velsignar deg
med signing frå himmelen der oppe,
med signing frå djupet der nede,
med signing frå bryst og morsliv.
26Velsigningane frå far din er rikare
enn velsigningane frå dei evige fjella,
enn herlegdomen til dei eldgamle høgdene.
Lat dei koma over Josefs hovud,
over issen på han
som er fyrste blant brørne sine!
27 # Dom 20,25 Benjamin er ein jagande ulv.
Om morgonen et han rovet,
om kvelden deler han byttet.
28Dette er alle Israels stammar, tolv i talet, og dette sa far deira til dei. Han velsigna dei og gav kvar av dei si eiga velsigning.
Jakob døyr og blir gravlagd
29 # 23,16ff+ Jakob gav dei dette påbodet: «No skal eg bli sameina med folket mitt. Gravlegg meg då hos fedrane mine i hòla på marka til hetitten Efron! 30Det er den hòla som er på Makpela-marka, austafor Mamre i Kanaan, det jordstykket som Abraham kjøpte av hetitten Efron for å ha til gravstad. 31#23,19; 25,9; 35,29 Der gravla dei Abraham og Sara, kona hans; der gravla dei Isak og Rebekka, kona hans; og der gravla eg Lea. 32Marka og hòla der er kjøpte frå hetittane.»
33Då Jakob hadde gjeve sønene sine dette påbodet, drog han føtene opp i senga. Så anda han ut og vart sameina med folket sitt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk