1. Mosebok 47

47
Jakob og sønene hans hos farao
1Josef gjekk og fortalde dette til farao. Han sa: «Far min og brørne mine er komne frå Kanaan med småfeet og storfeet sitt og alt dei eig. No er dei i Gosen.» 2Han tok ut fem av brørne sine og førte dei fram for farao. 3#46,33f Farao sa til brørne: «Kva har de til leveveg?» Dei svara han: «Tenarane dine er gjetarar, vi som fedrane våre. 4Vi er komne for å bu her i landet», sa dei til farao. «Tenarane dine fann ikkje beite for småfeet sitt, for hungersnauda låg tungt over Kanaan. Lat no tenarane dine få bu i Gosen!» 5Då sa farao til Josef: «Far din og brørne dine er komne til deg. 6Heile Egypt ligg ope framfor deg. Lat far din og brørne dine bu i den beste delen av landet! Dei kan bu i Gosen. Og veit du at det finst dugande folk blant dei, så gjev dei ansvaret for buskapen min.»
7Josef henta far sin og førte han fram for farao, og Jakob helsa farao. 8«Kor gammal er du?» spurde farao. 9#1 Krøn 29,15; Sal 39,13; 119,19; Hebr 11,13 Jakob svara: «Eg har vandra omkring som ein framand i 130 år. Få og vonde har leveåra mine vore. Dei har vore færre enn leveåra til fedrane mine den tid dei vandra omkring.» 10Så velsigna Jakob farao og gjekk bort frå han.
11 # 47,11 Ramses har namn etter farao Ramses 2., som bygde byar der, m.a. Pitom og Ramses. Jf. 2 Mos 1,11. Josef lét far sin og brørne sine busetja seg i Egypt. Han gav dei eigedom i den beste delen av landet, i Ramses, slik som farao hadde sagt. 12Og Josef sytte for mat til far sin og brørne sine og heile familien til far sin, alt etter talet på borna deira.
Hungersnauda i Egypt
13Det fanst ikkje mat i heile landet, for hungersnauda var svært hard. Egypt og Kanaan var avkrefta av svolt. 14Josef samla då alle pengane som fanst i Egypt og Kanaan, det folk hadde gjeve for kornet dei hadde kjøpt, og Josef tok pengane med til huset åt farao. 15Men då det var slutt på pengane i Egypt og Kanaan, kom alle egyptarane til Josef og sa: «Gjev oss mat! Skal vi døy for auga dine? Vi har ikkje meir pengar.» 16Josef svara: «Kom hit med buskapen dykkar. Eg vil gje dykk korn for buskapen dersom det er slutt på pengane.» 17Då kom dei til Josef med buskapen sin, og Josef gav dei korn for hestane, småfeet, storfeet og esla. Slik sytte han for korn til dei det året, i byte mot heile buskapen deira.
18Året gjekk, og året etter kom dei til han og sa: «Vi vil ikkje løyna for herren vår at det er slutt på pengane og buskapen. No har vi ikkje anna å by deg enn oss sjølve og jorda vår. 19Kvifor skal vi døy for auga dine, både vi og jorda vår? Kjøp oss og jorda vår i byte for mat, så skal vi med jorda vår vera slavar for farao! Gjev oss såkorn, så vi kan leva og ikkje døy, og jorda vår ikkje blir lagd aud!»
20Og Josef kjøpte all jord i Egypt til farao. Egyptarane selde alle åkrane sine, for hungersnauda var hard. Slik vart farao eigar av all jord i landet. 21Folket flytte han til byane, frå den eine enden av Egypt til den andre. 22Berre jorda til prestane kjøpte han ikkje, for prestane hadde ei fastsett inntekt frå farao. Dei åt av det han gav dei, og selde difor ikkje jorda si.
23Josef sa til folket: «I dag har eg kjøpt dykk og jorda dykkar til farao. Her har de såkorn slik at de kan så til åkrane! 24De skal gje farao ein femtedel av avlinga. Dei fire andre delane skal de ha til såkorn og mat for dykk og huslydane og borna dykkar.» 25Då svara dei: «Du har berga livet vårt. Berre du ser på oss med velvilje, herre, skal vi vera slavar for farao.» 26#41,34; Esra 7,24 Så gjorde Josef dette til ei lov som gjeld den dag i dag for jorda i Egypt, at farao skulle ha ein femtedel. Berre jorda til prestane høyrde ikkje farao til.
Jakobs siste vilje
27Israel vart buande i Egypt, i Gosen. Dei fekk seg eigedom der, var fruktbare og vart svært talrike. 28Jakob levde 17 år i Egypt. Han levde i 147 samfulle år. 29#47,29 legg … fanget >24,2. Då det nærma seg tida då Israel skulle døy, kalla han på Josef, son sin, og sa: «Om du har velvilje for meg, så legg handa di i fanget mitt. Ver god og trufast mot meg så du ikkje gravlegg meg i Egypt! 30#23,20; 35,27ff; 49,29ff Når eg går til kvile hos fedrane mine, før meg då opp frå Egypt og legg meg i grava deira!» «Eg skal gjera som du seier», svara Josef. 31#1 Kong 1,47 Då sa Jakob: «Sver på det for meg!» Og han svor på det. Så bøygde Israel seg i bøn ved hovudgjerda.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring