1. Mosebok 44
N11NN
44
Sølvbegeret i sekken
1Sidan sa Josef til styraren for huset sitt: «Fyll sekkene til desse mennene med korn, så mykje dei orkar å bera, og legg pengane til kvar av dei øvst i sekken! 2Legg så begeret mitt, sølvbegeret, øvst i sekken til den yngste, saman med kornpengane hans!» Og han gjorde som Josef sa. 3Då det vart lyst neste morgon, vart dei sende av stad med esla sine.
4Dei drog ut frå byen, men var ikkje komne langt før Josef sa til styraren: «Set etter mennene! Når du tek dei att, skal du seia: Kvifor løner de godt med vondt? 5#44,5 I =Septuaginta byrjar dette verset med setninga: «Kvifor har de stole sølvbegeret mitt?» Er ikkje dette det begeret som herren min drikk av, og som han spår i? Det er vondt, det de har gjort!» 6Han tok dei att og sa dette til dei. 7Men dei svara han: «Kvifor seier herren vår dette? Det kunne ikkje falla tenarane dine inn å gjera noko slikt! 8Sjå, pengane vi fann øvst i sekkene våre, tok vi med oss tilbake til deg frå Kanaan. Kvifor skulle vi stela sølv eller gull frå huset til herren din? 9Den av tenarane dine som begeret blir funne hos, skal døy, og vi andre skal vera slavar for herren vår.» 10Han svara: «Det skal bli som de seier denne gongen òg. Den som begeret blir funne hos, skal vera slaven min, de andre skal vera utan skuld.» 11Så skunda dei seg og lyfte kvar sin sekk ned på jorda og opna dei. 12Han undersøkte dei, byrja hos den eldste og enda hos den yngste. Og begeret vart funne i sekken til Benjamin. 13Då reiv dei sund kleda sine, leste på kvart sitt esel og drog tilbake til byen.
14Då Juda og brørne hans kom inn i huset til Josef, var Josef der enno. Og dei kasta seg til jorda for han. 15Josef sa til dei: «Kva er det de har gjort? Veit de ikkje at ein mann som eg kan spå?» 16«Kva skal vi svara, herre?» sa Juda. «Kva kan vi seia? Korleis kan vi visa at vi er skuldlause? Gud har funne skuld hos tenarane dine. No er vi slavane dine, herre, både vi og han begeret vart funne hos.» 17Men Josef sa: «Det kunne ikkje falla meg inn å gjera slikt! Mannen som hadde begeret, skal vera slaven min. De andre kan dra opp til far dykkar.»
18Då gjekk Juda bort til han og sa: «Orsak, herre. Høyr kva tenaren din har å seia, og bli ikkje sint på tenaren din, du er då sjølv lik farao. 19Herren min spurde tenarane sine: Har de nokon far eller bror? 20Og vi svara: Vi har ein gammal far, og han fekk ein gut på sine gamle dagar. Bror til guten er død, og han er åleine att etter mor si. Far hans elskar han. 21Då sa du til tenarane dine: Kom ned til meg med han så eg kan sjå han med eigne auge! 22Men vi svara herren vår: Guten kan ikkje gå frå far sin; gjer han det, døyr faren. 23Men du sa til tenarane dine: Kjem ikkje yngste bror dykkar hit saman med dykk, skal de ikkje få tre fram for meg. 24Då vi så kom heim att til far vår, tenaren din, fortalde vi han kva du hadde sagt, herre. 25Han sa: Dra av stad att og kjøp litt mat til oss. 26Vi svara: Vi kan ikkje dra ned utan at den yngste bror vår er med. Dreg vi utan bror vår, får vi ikkje sjå mannen. 27Då sa far vår, tenaren din, til oss: De veit at kona mi fødde meg to søner. 28Den eine vart borte for meg. Eg sa at han sikkert var riven i hel, og eg har ikkje sett han sidan. 29Om de òg tek denne frå meg og det skulle skje ei ulukke med han, då sender de meg gråhåra og sorgtung ned i dødsriket. 30Kjem eg no til far min, tenaren din, utan guten som han med heile si sjel er så knytt til, 31då døyr han når han ser at guten ikkje er med oss. Tenarane dine kjem til å senda far vår, tenaren din, gråhåra og sorgtung ned i dødsriket. 32#43,8 For eg, tenaren din, svara for ungguten framfor far vår og sa: Kjem eg ikkje att til deg med han, er eg skuldig for far min heile mitt liv. 33Lat no tenaren din vera att som slave for herren min i staden for guten. Så kan han dra opp saman med brørne sine. 34For korleis skulle eg kunna dra opp til far min utan guten og sjå den sorga som då ville koma over han?»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk