1. Mosebok 43

43
Brørne reiser til Egypt att
1Hungersnauda låg tungt over landet. 2Då dei hadde brukt opp kornet dei henta i Egypt, sa far deira: «Dra av stad att og kjøp litt mat til oss!» 3#42,20 Men Juda svara: «Mannen åtvara oss og sa: De får ikkje tre fram for meg om ikkje bror dykkar er med dykk. 4Dersom du sender bror vår med oss, skal vi dra ned og kjøpa mat til deg. 5Men dersom du ikkje gjer det, dreg vi ikkje. For mannen sa til oss: De får ikkje tre fram for meg utan at bror dykkar er med dykk.» 6Då sa Israel: «Kvifor gjorde de meg vondt og fortalde mannen at de har endå ein bror?» 7Dei svara: «Mannen spurde oss nøye ut både om oss sjølve og om slekta vår. Han sa: Lever far dykkar enno? Har de nokon bror? Og vi svara på det han spurde om. Korleis kunne vi vita at han ville seia: Kom hit med bror dykkar!»
8Då sa Juda til Israel, far sin: «Send guten med meg! Lat oss bryta opp og dra av stad, så vi kan leva og ikkje døy, både vi, du og borna våre. 9Eg skal svara for han; frå mi hand kan du krevja han att. Kjem eg ikkje att med han og set han framfor deg, vil eg vera skuldig for deg heile mitt liv. 10Hadde vi ikkje drygd så lenge, kunne vi no ha nådd fram og tilbake to gonger.»
11Då sa Israel, far deira, til dei: «Er det ikkje anna råd, så gjer slik: Ta med i sekkene dykkar ei gåve til mannen, noko av det beste som finst i landet, litt balsam og litt honning, gummi og harpiks, pistasjnøtter og mandlar! 12Og ta dobbelt så mange pengar med dykk, så de kan levera tilbake pengane de fekk att, dei som låg øvst i sekkene. Kanskje det var eit mistak. 13Ta så bror dykkar, bryt opp og dra tilbake til mannen! 14Måtte Gud, Den veldige, la dykk finna miskunn hos denne mannen, så han sender med dykk den andre bror dykkar og Benjamin. Skal eg bli barnlaus, så blir eg barnlaus.»
15Så tok mennene med seg denne gåva, dobbelt så mange pengar, og Benjamin. Dei braut opp og drog ned til Egypt og steig fram for Josef. 16Då Josef såg at Benjamin var med dei, sa han til styraren for huset sitt: «Før desse mennene heim, slakt og stell til, for dei skal eta hos meg ved middagstid!» 17Mannen gjorde som Josef sa. Han tok dei med inn i huset til Josef. 18Men då dei vart førte inn i huset til Josef, vart dei redde. Dei sa: «Det er vel på grunn av pengane som vart lagde tilbake i sekkene våre førre gongen, at vi blir førte hit. No kan dei overfalla oss, kasta seg over oss, gjera oss til slavar og ta esla våre.» 19Dei gjekk bort til styraren for Josefs hus og tala med han ved inngangen til huset. 20«Orsak, herre», sa dei, «vi har vore her nede ein gong før og kjøpt mat. 21Men då vi slo leir for natta og opna sekkene våre, fann kvar av oss pengane øvst i sekken, det var våre eigne pengar i si fulle vekt. No har vi dei med oss attende. 22Vi har òg med oss meir pengar til å kjøpa mat for. Vi veit ikkje kven som la pengane i sekkene våre.» 23#42,24 Då sa han: «Fred vere med dykk, ver ikkje redde! Dykkar Gud, Gud til far dykkar, har gjeve dykk ein skatt i sekkene. Pengane dykkar har eg fått.» Så førte han Simon ut til dei.
24Sidan førte mannen dei inn i huset til Josef. Han gav dei vatn så dei fekk vaska føtene, og han gav fôr til esla deira. 25#43,11 Og dei gjorde gåva klar før Josef skulle koma ved middagstid, for dei hadde høyrt at dei skulle eta der. 26Så kom Josef heim, og dei bar fram gåva dei hadde med seg inn i huset, og kasta seg til jorda for han. 27Han spurde korleis det stod til med dei. Så sa han: «Står det bra til med den gamle far dykkar som de tala om? Lever han enno?» 28«Ja», svara dei, «det står bra til med far vår, tenaren din, han lever enno.» Dei bøygde seg og kasta seg ned for han. 29Då fekk han auge på Benjamin, bror sin, og sa: «Er dette yngste bror dykkar, han de fortalde meg om? Gud vere deg nådig, son min!» 30Josef skunda seg bort, for kjærleiken til broren loga opp i han, så han måtte gråta. Og han gjekk inn i kammeret sitt og gret. 31Så vaska han seg i andletet og gjekk ut att. Han la band på seg og sa: «Set fram maten!» 32#46,34; 2 Mos 8,26 Dei sette fram for han og for brørne og for egyptarane som åt hos han, kvar for seg. For egyptarane kunne ikkje eta i lag med hebrearane; det var noko avskyeleg for dei. 33Brørne fekk sitja rett framfor Josef, den eldste øvst og den yngste nedst. Då såg dei på kvarandre og undrast. 34Han lét dei få av rettene på sitt eige bord, og han lét Benjamin få fem gonger så mykje som dei andre. Og dei drakk seg fulle saman med han.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring