1. Mosebok 40

40
Josef tyder draumane til hoffmennene
1Ei tid etter hende det at munnskjenken og bakaren til kongen i Egypt fornærma herren sin, kongen i Egypt. 2Farao vart sint på dei to hoffmennene sine, overmunnskjenken og bakarmeisteren. 3#39,20 Han sette dei i forvaring hos sjefen for livvakta, i fengselet der Josef var fange. 4Sjefen for livvakta sette Josef til å sjå etter dei og tena dei. Dei vart sitjande ei tid i forvaring.
5Medan munnskjenken og bakaren hos kongen i Egypt sat lenkja i fengselet, hadde dei to i ei og same natta kvar sin draum med ulik tyding. 6Då Josef kom inn til dei om morgonen, såg han at dei var nedtrykte. 7Han spurde hoffmennene til farao, som sat i forvaring saman med han i huset til herren hans: «Kvifor har de så triste andlet i dag?» 8#41,16 Dei svara: «Vi har begge hatt ein draum, men her er det ingen som kan tyda dei.» Då sa Josef til dei: «Høyrer ikkje tydinga Gud til? Fortel!»
9Så fortalde overmunnskjenken draumen sin til Josef. Han sa: «Sjå, i draumen min stod ein vinstokk framfor meg. 10Det var tre greiner på han. Så snart han tok til å skyta knoppar, spratt blomane, og klasane vart til mogne druer. 11Eg heldt begeret til farao i handa. Eg tok druene, pressa dei ut i begeret og gav det til farao.» 12Då sa Josef: «Dette er slik å tyda: Dei tre greinene er tre dagar. 13Om tre dagar skal farao opphøgja deg og gje deg stillinga di tilbake. Du skal gje begeret til farao på same måten som før då du var munnskjenken hans. 14Gjev du ville koma meg i hug når det går deg godt! Gjer vel å nemna meg for farao og få meg ut av dette huset. 15For eg er stolen frå landet til hebrearane, og her har eg ikkje gjort noko som gjer meg fortent til fangeholet.»
16Då bakarmeisteren såg at Josef hadde gjeve ei god tyding, sa han til han: «Eg òg var i draumen min. Og sjå, eg hadde tre korger med kveitebrød på hovudet. 17I den øvste korga var det bakverk av alle slag til farao, men fuglane åt bakverket frå korga på hovudet mitt.» 18Josef svara: «Dette er tydinga: Dei tre korgene er tre dagar. 19Om tre dagar skal farao opphøgja deg og hengja deg i eit tre, og fuglane skal eta kjøtet av deg.»
20Tredje dagen – det var fødselsdagen til farao – heldt farao eit festmåltid for alle tenarane sine. Då lyfte han opp overmunnskjenken og bakarmeisteren midt blant tenarane sine. 21Overmunnskjenken gav han stillinga tilbake, så han fekk gje farao begeret, 22men bakarmeisteren hengde han. Det gjekk slik Josef hadde tydd draumane for dei. 23Men overmunnskjenken hugsa ikkje på Josef; han gløymde han.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring